Avlyst Heilt på kanten i Masfjordfjella 2: Langs Haugsdalen og rundt Kringlebotn

Fellestur

Fra dato
31. august kl. 07:45
Til dato
1. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Masfjorden, Kringlebotn
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Fellestur , Nordhordland Turlag
Turkode
228
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Bli med på ei ny oppdagingsferd på jakt etter bratte, flotte "nedsyn" langs kantar og ryggar i det mektige fjordlandskapet inst i Masfjorden.

Oppmøtestad: Bergen Maritme Videregående skole, se raud markør i kartet. 
Oppmøtetidspunkt: Laurdag 31. august klokka 07.45.
Avreise: I privatbiler frå Bergen Maritime VGS. Turleiar koordinerer samkjøring. Skriv i kommentarfeltet ved påmelding om du disponerer bil og kor mange passasjerar du har plass til. . 

Turrute: Laurdag: Tjønndalen-Storevarden-Haugsdalsetra-Haugsdalen. Overnatting på Stordalen Fjellstove. Søndag: Holene-Klaven-Kringlebotn-Gråsida-Matre.

Turskildring: Mange har gått Bjørn West-marsjen, men denne helga går me langs meir spektakulære, ukjende stiar i det legendariske, kuperte fjellområdet under 1000 meter. Her blir mange høve til magesug-nedsikt og flott utsikt. Ganske harde dagsetappar, men utan særleg skumle passasjar. Me reknar med å vera på tur minst åtte timar kvar dag. 

Laurdag: Frå Tjønndalen går me bort til kanten med det første mektige utsynet ned til garden Haukeland, bratt opp ryggen til Høgefjellet, via Storevarden og rundt Svartevatn, nordover ut langs vestsida av mektige Kjetlandsdalen, bratt ned i Haugsdalen langs Kvernhuselva. Ganske krevjande tur på omlag 14 km i kupert terreng, stort sett utanfor sti. Bil til Stordalen fjellstove.

Søndag: Frå Holene kraftverk går me bratt opp dei særeigne steintrappene Stegane til det innestengde Hummelvatnet, vidare omlag like bratt i småskogen opp ryggen til Klaven, høgt og åpent innover fjellet med flott utsikt ned til Kringlebotn. Deretter langs traséen til Bjørn West-marsjen ned rundt Kringlebotnvatnet. Utanfor sti og delvis i tett småskog opp den smale ryggen sør for Hummelvatnet, over Gråsida og (før Storursfjellet) bratt ned i Øvredalen og grusveg ned til Matre. Ein ny, nokså hard tur på omlag 14 km, delvis utanfor sti. 

Mat: Middag laurdag og frukost søndag inkl matpakke er inkludert. Du ordnar sjølv turmat og drikke til laurdag.

Heimreise: Samkøyring i private bilar. 

Utstyr: Til vanleg fottur. Lakenpose og stødige fjellsko. Se utstyrsliste for sommerfjellet

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 1770 ,- for medlemar, kr 2470,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer overnatting, middag, frokost og matpakke søndag på Stordalen fjellstove. Kvar enkelt deltakar betalar kr. 350,- til sjåføren for transport. 

Kart: Kart og turutstyr kan du kjøpa i tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemar. F.eks. "Turkart Masfjorden".

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Leif Rune Løland