Kurspakke: DNT - Ambassadør + Turleiar på ei helg!

Kurs

Fra dato
21. juni kl. 17:00
Til dato
23. juni kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Kurs, Turlederkurs, Turleder, Turleiar, Dnt-Ambassadør
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag tilbyr ei kurspakke der du kan ta både DNT sitt ambassadørkurs (3 timar) og grunnleggjande turleiarkurs (15 timar) på same helga. Me legg opp til ei lærerik, sosial og gøy kurshelg! Utover DNT-medlemskap og at ein likar å gå tur lågt eller høgt, er det ingen krav om forkunnskapar. 

Planen er:

Fredag startar me kl. 1700 frå Kvingedalen i Masfjorden og går opp til Blådalsvatnet (30 min). Der vert det felles middag, teori, kart og turplanlegging for neste dag. Ved Blådalsvatnet overnatter me i privat hytte og telt (gje opp kva du ønskjer). Lørdag stakar me ut kursen til Kalvedalshytta og brukar dagen dertil. Teori og øving undervegs. Vel framme innlosjarar me oss, felles middag og meir kurs. Søndag vert lik lørdag og me returnerar til Nord Kvingo.

Om DNT sin turleiarutdaning - trykk her

I 2019 ønskjer Nordhordland Turlag å satse på at fleire medlemmar og frivillige i laget tek turleiarutdanning. For å understøtte dette har styret  vedtatt at alle medlemmar og frivillige i Nordhordland Turlag som gjennomfører turleiarutdanning i 2019, vil få dekka kursavgifta. Som frivillig reknast dei som både er aktive i turlaget og dei som vil verte aktive etter gjennomført turleiarkurs. Satsinga er avgrensa til 2019. 

Andre DNT-medlemar må betale ei kursavgift på kr 2000,- Den inkluderar opphald og felles middag på to hytter (eller telt), turleiarbok, kart over området, proviantuttak i Kalvedalen og kursleiing. 

Deltakarane må sjølv halde: Skyss til/frå Nord Kvingo/Kvingedalen i Masfjorden, brødmat og niste til tre dagar. Alle må har oppakning til tre dagar - sjå pakkeliste, sovepose og liggeunderlag til dei som vil ligge i telt ved Blådalsvatnet (kursleiarane ordnar telt), kartmappe og kompass. Meir informasjon om kursplan osb. vert sendt den einskilde deltakar før kurs. Alle vert også oppringt av kursleiarane.

Aldersgrense er 16 år.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Kurspakke: DNT - Ambassadør + Turleiar på ei helg!

Nordhordland Turlag tilbyr ei kurspakke der du kan ta både DNT sitt ambassadørkurs (3 timar) og grunnleggjande turleiarkurs (15 timar) på same helga. Me legg opp til ei lærerik, sosial og gøy ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Tanja Resink