Fot-/telttur i den lokale fjellheimen i Masfjordfjella

Fellestur

Fra dato
5. juli kl. 16:00
Til dato
7. juli
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Telt, Telttur, Aktivitet Fottur, Lang
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

TUREN ER AVLYST - KONTAKTE TURLEIARANE OM DU VIL VERE MED PÅ TUREN FRÅ ONSDAG 10. JULI I STRÅLANDE VERMELDINGAR

Fot-/telttur i den lokale fjellheimen i Masfjordfjella

3 dagars fjelltur med overnatting i eigne telt. Alle deltakarane må ha med eige utstyr for overnatting og mat for heile turen ved frammøte.

Me går frå Einestrand og via Grønestølane – Nordalen – Kleivsbotn – Ådnekvamsætra – Kupevatnet – Haugsdalsætra – Trolldalen - Giskegeilen – Totlandsætra og til slutt Andvik.

Det vert leir med overnatting i Nordalen og ved Kupevatnet. Ta med fiskeutstyr, i desse vatna er det fisk å få. Dersom det er fint og varmt vær, vil me gjerne ta med nokre toppar på turen, dette vert avgjort undervegs. Dagsetappar på om lag 9 km, 10 km og 17 km.

Frammøte/parkering: Einestrand

Frammøte/starttid: Fredag 5. juli kl 16.00

Retur med rutebuss frå Andvik søndag 7. juli kl. 19.00 (Husk bussbilett)

Dette er ein krevande tur med bratte opp- og nedstigningar. Turen høve best for deg som likar langturar i fjellet med teltovernatting og forholdsvis tung bør.

Turleiarar: Atle Bondevik tlf.: 415 59 973 og Jan Ivar Berge tlf.: 917 15 487.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Pris: kr 0,- for medlemmar, kr 100,- for ikkje-medlemmar (maks kr 200,- pr husstand). Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Utgifter til transport med eigen bil og parkering delast av dei som sit på. 

Turavgifta for ikkje-medlemmar Vippses til turlaget (Nordhordland Turlag #141728) før turen startar, merk kva tur det gjeld.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Fot-/telttur i den lokale fjellheimen i Masfjordfjella

TUREN ER AVLYST - KONTAKTE TURLEIARANE OM DU VIL VERE MED PÅ TUREN FRÅ ONSDAG 10. JULI I STRÅLANDE VERMELDINGAR Fot-/telttur i den lokale fjellheimen i Masfjordfjella 3 dagars fjelltur ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jan-Ivar Berge
  • Atle Bondevik