På spor etter Bjørn West - geriljabasen i Masfjordfjella

Fellestur

Fra dato
2. august kl. 14:00
Til dato
4. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stordalen, Stølsheimen, Masfjorden, Bjørnwest, Historisketurar
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

I samarbeid med Bjørn West-Museet inviterar Nordhordland turlag til ein spennande tur til område der Bjørn West-styrkane oppheld seg dei siste dagane av andre verdskrig. I løpet av helga 2. - 4. august 2019 vil du kunne oppleve åstader og historiar, dramatiske og fasinerande, nett som fjella og landskapa i seg sjølv.

Planen er:

Fredag 2. august 2019:
Kl. 14.00 oppmøte og omvisning hjå Bjørn West Museet på Matre. Deretter køyrer me til Hummelfossen kraftstasjon, går opp Stegane og tar båt over vatna til Kringlebotten. I Kringlebotten har me fått låne husly slik at me kan overnatte her. (ca. 2 timars gange)

Laurdag 3. august 2019:
Me forlet Kringlebotten etter ein god frokost, og går til Fagerdalen og Stordalen (5-6 timars gange). Barske, gråe Masfjordfjell på sitt beste. Overnatting på Stordalen fjellstove der me får god middag, gode senger og god frokost.

Søndag 4. august 2019:
Me køyrer til Stølsvatnet og Østerbøstølen. Etter forteljing om kva som skjedde her i mai 1945 går me til til Myrestølen (ca. 1 timers gange ein veg, me går attende same vegen). Begge desse stølane vart brukt til losji for Bjørn West-soldatar. Dei vart sprengte dei siste dagane av krigen og seinare bygde opp att. Myrestølen ligg i eit frodig dalføre i Høyanger - ikkje lange beten frå anleggsvegen ved Stølsvatnet.

Dagleg leiar ved Bjørn-West- muset og kjentmann, Arnold Matre, vil vere med på heile turen. Les meir om Bjørn-West - geriljabasen i Masfjordfjella 

Turleiarar: Jane Britt Daae (mobil 414 601 37) og Kjell-Ove Thorseth (415 51 614)

Pris: kr  1800,- for DNT-medlemar og kr 2500,- for ikkje-medlemar. Inkludert i prisen er inngang Bjørn West museet, to felles middagar, to felles frokostar, niste på søndag, turleiing og kjentmann, overnatting i Kringlebotten og i Stordalen.

Det som ikkje er inkludert er: Niste til fredag og lørdag og transport til Matresdalen/Hummelfossen kraftasjon (fredag) og Østerbøstølen (søndag). Turleiarane vil koordinere transport mellom bilkøyrande deltakarar. Den enkelte må ordne seg skyss til og frå oppmøtestaden Matre.

Sjå bilete under - her vil du sjå kva område denne fellesturen byr på.

 

På spor etter Bjørn West - geriljabasen i Masfjordfjella

I samarbeid med Bjørn West-Museet inviterar Nordhordland turlag til ein spennande tur til område der Bjørn West-styrkane oppheld seg dei siste dagane av andre verdskrig. I løpet av helga 2. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Ove Thorseth
  • Jane Britt Daae