Sørdalsnuten

Fellestur

Fra dato
7. september kl. 14:00
Til dato
8. september
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Telttur, Høgfjell
Arrangører
Nordhordland Turlag, Den Norske Turistforening
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Telt/overnatting til kommunetoppen i Lindås – Sørdalsfjellet 957 moh.

Fottur med overnatting i eigne telt. Alle deltakarane må ha med eige utstyr for overnatting og mat for heile turen ved frammøte.

Ein krevande trur på over 20 km totalt. Flott høgfjellstereng når ein kjem opp på fjellet. Utsikt heilt inn i Modalen og ut i havet forbi Øygarden.

Me vil fylgje T-stien Dyrkolbotn – Skavlabu til Heimste Sørdalsvatn. Herifrå er det på nymerka sti vidare til toppen. Me planlegg leirplass på Sørdalseidet, om lag 2 km frå toppunktet.

Retur etter toppbesøk søndag, alt etter korleis været er, og turdeltakarane sine ynskje. Dette er ein tur midt i det no trua området for vindmølle utbygging.

Frammøte/parkering: ved Dyrkolbotn leirskule.

Frammøte/startid: lørdag 7. september kl. 14.00

Turleiarar: Atle Bondevik 415 59 973 og Jan Ivar Berge 917 15 487

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Pris: kr 0,- for medlemmar, kr 100,- for ikkje-medlemmar (maks kr 200,- pr husstand). Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Utgifter til transport med eigen bil og parkering delast av dei som sit på. 

Turavgifta for ikkje-medlemmar Vippses til turlaget (Nordhordland Turlag #141728), eller betales til turleder på selve dagen.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Sørdalsnuten

Telt/overnatting til kommunetoppen i Lindås – Sørdalsfjellet 957 moh. Fottur med overnatting i eigne telt. Alle deltakarane må ha med eige utstyr for overnatting og mat for heile turen ved frammøte. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jan-Ivar Berge
  • Atle Bondevik