Avlyst Topptur til Austlendingen

Fellestur

Dato
22. september kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Fottur
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Me møtast på parkeringsplassen i krysset ved E39 og Fv. 570 på vestsiden av Eikefettunnelen. Derifrå går me cirka 80 meter i retning tunnelen.

Stien startar bratt opp i skogen før den kryssar rett over Stegafossen til Andåsfjellet og vidare innover fjellet til Austlendingen, som er det høgaste punktet på turen, 812 moh.

I klarvèr ser ein ut over Nordhordland, Gulen, Sognefjella, Stølsheimen, Folgefonna, Gullfjellet og Byfjella. Platået på toppen er ganske værhardt og det ligg normalt snø her til eit godt stykke ut på våren. Ta med ekstra klede og god niste i sekken. Turen er beregna til cirka fem timar t/r inkludert pausar.

Turleiar: Lise K. Viken, tlf.: 413 24 847

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Pris: kr 0,- for medlemmar, kr 100,- for ikkje-medlemmar (maks kr 200,- pr husstand). Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Utgifter til transport med eigen bil og parkering delast av dei som sit på. 

Turavgifta for ikkje-medlemmar Vippses til turlaget (Nordhordland Turlag #141728), eller betales til turleder på selve dagen.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Topptur til Austlendingen

Me møtast på parkeringsplassen i krysset ved E39 og Fv. 570 på vestsiden av Eikefettunnelen. Derifrå går me cirka 80 meter i retning tunnelen. Stien startar bratt opp i skogen ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Lise Kristine Viken