Onsdagstur i Masfjorden til Høgestølen/Torhåjen

Fellestur

Dato
12. juni kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, , Onsdagstur, Fjelltur, Poengtur, Masfjordfjell, Oppihøgden
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag samarbeidar med idrettslaga i Masfjorden om å arrangere onsdagsturar i Masfjorden. Dette er ein kommune med utruleg varierte og vakre landskap, og gjennom onsdagsturane kan du verte kjent med mange lokale natur- og kulturperler. I godt selskap!

Onsdagsturane er ei sjølvgåande turgruppe med ein kjentperson som syner veg både fram og tilbake.

Velkommen på onsdagstur i Masfjorden, spesielt til alle nye som har lyst å gå på tur med oss!

Turmål: Høgestølen/Torhåjen

Dette er i utgangspunktet ein av dei ein «vanlege» onsdagsturane som me arrangerer her i Masfjorden. Det som likevel er litt uvanleg, er at denne gongen vert det ein spesielt lang onsdagstur – dette etter ønskje frå ein god del av dei som går desse turane. Dersom det vert regn og/eller skodde, vil turen ikkje gå lenger enn til Høgestølen/Nørdlandssetra. I utgangspunktet er det lagt opp til at dei som vil ha Høgestølen/Nørlandssetra som mål for turen, kan snu der. Me hadde litt av same opplegget i fjor, då var målet Ådneburen – eller Høgestølen for dei som ønskte det. (Men då gjekk alle på Ådneburen, me hadde bra ver.)

Når det gjeld tilkomsten med bil, køyrer ein til Andvik, inn Nørlandsdalen (bompengar 30 kr), held til høgre ved Storevatnet og køyrer sørover/oppover Søredalen/Meisdalen til parkeringsplassen. Derifrå startar turen som først går på god sti til Høgestølen/Nørdlandssetra, og så vidare nord-austover oppover og inn mot Torhågjen/Torhaugen (834 m.o.h.)

Dette er altså ein lang tur til onsdagstur å vera, og den vil nok iallfall ta i overkant av 4 timar. Så dersom me får gode verforhold, kan dei som vil – og i tillegg er i brukbar fysisk forfatning – vera med inn på det høgaste fjellet her på Sørsida. Då bør deltakarane ha med litt mat og drikke, og gjerne litt ekstra klede. Viss veret vert bra, er det tørt og greitt å gå, så ein klarer seg godt med lette fjellsko eller joggesko/terrengløpesko.

 

 

 

Oppmøtestad:  Se beskrivelse over
Oppmøtetidspunkt: Onsdag 12. juni 2019 kl. 18.00
Kjentperson:  Terje Rasdal tlf. 91578002

Ingen påmelding! Berre til å møte opp! 


Mat, drikke og utstyr: Ta med det du treng for ein ettermiddagstur. Litt drikke, noko energimat og ei ekstra varm trøye kjem alltid godt med.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår 

Turane er gratis for medlemar i DNT og kr 50,- for å ikkje-medlemar (maks kr 100,- pr husstand). Me oppmodar turgåarane til å støtte turlaget ved å melde seg inn i DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. (Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen).

Om DNT sin standard gradering av turar.

Onsdagstur i Masfjorden til Høgestølen/Torhåjen

Nordhordland Turlag samarbeidar med idrettslaga i Masfjorden om å arrangere onsdagsturar i Masfjorden. Dette er ein kommune med utruleg varierte og vakre landskap, og gjennom onsdagsturane kan du verte kjent med mange ...

Kontaktinformasjon: