Fjelde gard - ordføraren ynskjer å vise skjult naturperle i Lindås!

Fellestur

Dato
18. juni kl. 17:00 - 21:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fjelde gard i Lindås er eit nedlagt fjellsamfunn i det som fleire kallar fjellstrilen sitt rike. Nyleg kom praktboka "Fjelde Liv og lagnad" ut. Det er ei stor glede at Nordhordland turlag i samarbeid forfattarane Ivar Eidsheim og Vidar Lehmann, og ordføraren i Lindås Astrid Aarhus Byrknes inviterar til tur til Fjelde gard.

"Det er viktig å vere kjent i eigen kommune" seier ordføraren. Turlaget er heilt samd i det og lovar ein innhaldsrik tur med spennande kulturhistorie, kulturminne og kulturlandskap. Turen vil også vise særprega natur med dramtiske elvar, karrige fjell og mjuke skogslandskap. Velkommen til å vere med!

Tid: Tysdag 18. juni kl. 17.00

Oppmøte: Parkeringsplassen like over E39, Store Urdal  i Lindås

Påmelding: Turen er gratis, men alle som vil vere med må melde seg på - raud knapp oppe til høgre.

Skildring av turen: 

  • Etter oppmøte på parkeringsplassen organiserar turlaget felles skyss opp den private utmarksvegen. Me brukar private bilar og fraktar alle sutalaust opp til stølsvegen til Store Urdalssetra. Etter ca. 30 min roleg gange er me på Urdalsetra, som ligg idyllisk til på i ei sval opning i skogen med vatn og bekkar. Så ber det vidare og etter ca. 10 min går vi over hengebrua og vidare på god sti til Fjelde, ca. 30 min. Undervegs får me glimt av Eikefetvassdraget og det dramatiske dalføre både sørover og nordover i landskapet.

  • Vel framme på Fjelde vil Ivar Eidsheim og Vidar Lehmann vise og fortelje om livet og lagnaden her. Det vert kaffi og ein godbit også.

  • Etter ein liten time ber det heimatt same vegen. 

  • Turen er gradert som middel vanskeleg. Terrenget, lengde på turen og få motbakkar gjer at det er ein relativt enkel tur å gå. Ein må vere turvant, og for nokon kan det vere uvant å gå på hengebrua, men turleiarane vil organiserer overgangen så godt som mogleg.

Utstyr/klede: Veret avgjer utrustning, men gode, stødige sko og ei ekstra trøye er godt å ha i sekken. Litt drikke (det er lett å finne vatn undervegs) og ei lita niste er også lurt å ta med då det er kveld når me kjem heimatt. 

Fjelde gard - ordføraren ynskjer å vise skjult naturperle i Lindås!

Fjelde gard i Lindås er eit nedlagt fjellsamfunn i det som fleire kallar fjellstrilen sitt rike. Nyleg kom praktboka "Fjelde Liv og lagnad" ut. Det er ei stor glede at ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jane Britt Daae