Sommarfest i Kalvedalen

Fellestur

Fra dato
9. august kl. 17:00
Til dato
11. august kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nordhordland, Austefjella
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

2019 er eit spesielt år for Kalvedalen turisthytte. Hovudhytta er oppgradert og ei ny sikringshytte er bygd. Anlegget er innbydande og idyllisk plassert i Kalvedalen i Lindås/Nordhordland. Me står også framfor ei ny tid som einaste turisthytte i nye Alver kommune frå 01.01.2020. I utgangspunktet treng ein ikkje påskudd for å samlast til fine dagar i fjellet, men me nemner dette som spesielle grunnar for å samlast til fest i Kalvedalen. 

Nordhordland turlag inviterar deg til sommarfest helga 9. - 11. august 2019. Bli med og oppdag ny stader i dette spesielle fjellområdet!

 

Du kan gå til Kalvedalen på eiga hand eller du kan bli med på "helgepakken" med nesten alt av fellesopplevingar, fellesturar og fellesmåltider - "all inclusive" ala turlaget:

Fredag 9. august:

  • kl. 17.00    Oppmøte i Kvingedalen/Masfjorden. Fottur til Blådalsvatnet, Gummeleite og over Storevasseggane til Kalvedalen.
  • Kl. 21.00   Innkvartering og felles kveldsmat i Kalvedalen

Laurdag 10. august:

  • kl. 09.00  Bjørn-Olav stiller med heimebakst frå Kalvedalen til frokost
  • kl. 11.00   Stølstur til vakre Norddalssetrane (ca. 1,5 time ein veg) 
  • kl. 11.30   Topptur til Horga 804 moh (ca. 2 timar ein veg)
  • kl. 19.00   Felles middag og dessert med krem og bær
  • Kl. 21.00  Quiz med premiar

Søndag 11. august

  • kl. 09.00  Bakst til frokost
  • kl. 11.00  Heimturen startar. Fottur via Kleivsbotn, Smørskåpet, Illestigsskaret og Blådalsvatnet til Kvingedalen.

Til "helgepakken" må du melde deg på - bruke raud knapp oppe til høgre. Den kostar kr 270,- pr natt i hytta, og kr 100 i kostpengar. Dersom du tek med telt og overnattar ute betalar du berre kostpengar. Gje opp i påmeldinga om du tek med telt. Dette er innkludert i pakken: Turleiing, felles kvelds (fredag), felles middag (lørdag), bakst til frokost lørdag og søndag er gratis. Du må halde pålegg og anna mat (frå proviantlager i hytta eller medbrakt). Hugs nistemat til alle tre dagane.

Det vil også verte sett opp ein fellestur til Kalvedalen laurdags morgon,

Sommarfest i Kalvedalen

2019 er eit spesielt år for Kalvedalen turisthytte. Hovudhytta er oppgradert og ei ny sikringshytte er bygd. Anlegget er innbydande og idyllisk plassert i Kalvedalen i Lindås/Nordhordland. Me står også framfor ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Ove Thorseth
  • Jane Britt Daae