Tøffingtur med Barnas Turlag til sommarfest i Kalvedalen

Fellestur

Fra dato
9. august kl. 08:00
Til dato
11. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Barn, Familie, Turbo, Kalvedalen, Sommarfest
Arrangører
Barnas Turlag Nordhordland, Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

 

Bli med reven Turbo og Barnas Turlag Nordhordland til sommarfest i vakre Kalvedalen.

 

2019 er eit spesielt år for Kalvedalen turisthytte: ny sikringshytte er bygd og hovudhytta er ombygd. 18. mai var det offisiell åpning. Anlegget er innbydande og vakkert plassert i Kalvedalen i Lindås, Nordhordland. No blir det innbydd til sommarfest, laurdag 10.august. Denne festen vil Barnas Turlag være med på! Vi inviterer born som skal begynne i 4.klasse og oppover, til å bli med oss på tur denne helga.

Vi køyrer til Kvingedalen i Masfjorden. Der startar turen bratt oppover anleggsvei til Blådalsvatnet, vidare kupert over Gummeleitet og så bratt oppover til Storevasseggjene. Så ber ned nedover til Storevatnet der vi får låne båt og ror over til Kalvedalen. Kan hende nokon vil avslutte turen med eit friskt bad? Eller prøve fiskelykka i vatnet?

Laurdagen er det rom for turar, fisking, spikking, bading, leik og moro - eller berre avslapping. Ta med eige fiskeutstyr, spikkekniv og badebukse/-drakt! Om kvelden blir det Quiz og felles festmåltid til alle frammøtte. Søndagen pakkar og ryddar vi oss ut av hytta etter ein god frukost, og returnerer til Kvingedalen samme veg som vi kom.

Velkommen på tur med oss - og velkommen til fjells!

Oppmøte: Parkeringsplass ved biblioteket i Knarvik kl 10. Evt. i Kvingedalen kl 10.45

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Pris: (medlemmar/ikkje-medlemmar)

  • Vaksne 1.010,- / 1.390,-

  • Born 460,- / 590,-

  • Ungdom (13-26) 730,- / 1. 080,-

Dette inkluderar turleiing, overnattingar og alle måltid på hyttene. Ta med eigen matpakke til turen. 

Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Turavgifta må du betale innan 1.august til Nordhordaland Turlag v/kasserar på konto nr 3632. 07.07727, og skrive kva tur påmeldingsavgifta gjeld.


Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Kart: Masfjorden og Modalen. Sport Norge (tidl. Atleten) i Knarvik gjev også 10% rabatt til DNT-medlemmer.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

Tøffingtur med Barnas Turlag til sommarfest i Kalvedalen

  Bli med reven Turbo og Barnas Turlag Nordhordland til sommarfest i vakre Kalvedalen.   2019 er eit spesielt år for Kalvedalen turisthytte: ny sikringshytte er bygd og hovudhytta er ...

Kontaktinformasjon:

  • Vibeke Døsvik Haukeland
  • Tlf. 92284634

Turledere:

  • Vibeke Døsvik Haukeland
  • Torunn Haugsvær