Bjørn West marsjen , kort rute

Fellestur

Dato
18. august kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom
Arrangører
Ytre Sogn Turlag, Nordhordland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Den tradisjonsrike Bjørn West Marsjen går av stabelen kvart år nest siste sundagen i august. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn West som helt til i Masfjordfjella siste del av krigen. Datoen i år er 18. august, så set av denne dagen no!

Du kan velge mellom Kort og Lang løype.

Lang: Bjørn West Marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl 07.00 og 10.00 til Godbotn, med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.

Kort: Bjørn West Marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl 09.30 og 11.30 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.

Den korte løypa går i “Bjørn West-området” frå Nystølen på Sognesida sørover til Stordalen Fjellstove, og den er ca. 6 km. Turen følgjer T-merka sti i flatt, lett terreng, med ei bratt nedstigning til Stordalen fjellstove. Den nye korte løypa bringar eit anna perspektiv inn, og dei to marsjane utfyller derfor kvarandre godt i forhold til minnemarkering over dei krigshandlingar som fann stad. Begge løypene har same innkomst ved Stordalen Fjellstove, og arrangementa i etterkant er felles for alle marsj-deltakarane.

Minnetale: Ved Stordalen Fjellstove vert det konsert og friluftsgudteneste, og kl 16 er det minnesermoni over dei falne i Bjørn West.

Vi minner om at alle må registrere at dei er kommen i mål før dei reiser heim, slik at vi har kontroll på at alle deltakarane er framme. Registreringa føregår i telta, og der får du merke og t-skjorte. 

God tur 😎😎

Bjørn West marsjen , kort rute

Den tradisjonsrike Bjørn West Marsjen går av stabelen kvart år nest siste sundagen i august. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh til minne om motstandsgruppa Bjørn ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Wenche Midthun
  • Marit Gjersvoll