SØNDAGSTUR til skjulte stølsperler med historisk sus

Fellestur

Dato
4. august kl. 10:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stølsheimen, Nordhordland, Stordalen, Bjørnwest, Høyanger
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag inviterar deg på ny til ei skjult perle i vår nære fjellheim. I samarbeid med Bjørn West-muset inviterar me på tur til Østerbøstølen og Myrestølen. Forutan ein flott stølshistorie, er temaet for turen den dramatiske historia til desse stølane dei siste dagane av andre verdskrig, i mai 1945.

Oppmøte: Søndag 4. august kl.10.00 ved Stordalen fjellstove

Turen er gratis, men alle må melde seg på slik at me organiserar det som best. Melde deg på her på nettet - den raude knappen til høgre og fullføre registreringa til du får ei stadfesting.

Me samordnar oss i private bilar og køyrer til Stølsvatnet og Østerbøstølen på 550 m.o.h. Ein køyretur på 20 min på grusveg frå fjellstova. Etter forteljing om kva som skjedde her i mai 1945 går me til til Myrestølen på 575 m.o.h (ca. 1 timers gange ein veg, me går attende same vegen). Begge desse stølane vart brukt til losji for Bjørn West-soldatar. Dei vart sprengte dei siste dagane av krigen og seinare bygde opp att. Myrestølen ligg i eit frodig dalføre i Høyanger - ikkje lange beten frå anleggsvegen ved Stølsvatnet. Turen er gradert som moderat krevjande. Me går på god sti i kupert terreng, og to små motbakkar begge vegar (knapt 100 meter i oppstigning).

Dagleg leiar ved Bjørn-West- muset og kjentmann, Arnold Matre, er med på turen. Les meir om Bjørn-West - geriljabasen i Masfjordfjella 

Denne søndagsturen er siste etappe av helgeturen "På sporet av Bjørn West-geriljaen i Masfjordfjella". Etappen startar i Masfjorden, men målet ligg i Høyanger kommune. Turlaget vil invitere alle interesserte til å vere med på etappen i eit område som eigentleg er tilgjengeleg, men fåtals har vore til. No får du høve til ein hyggjeleg og interessant søndagstur.

Velkommen!

SØNDAGSTUR til skjulte stølsperler med historisk sus

Nordhordland Turlag inviterar deg på ny til ei skjult perle i vår nære fjellheim. I samarbeid med Bjørn West-muset inviterar me på tur til Østerbøstølen og Myrestølen. Forutan ein flott stølshistorie, ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjell Ove Thorseth
  • Jane Britt Daae