Heilt på kanten i Masfjordfjella: Langs Hopsdalen og Geitskjegjelet

Fellestur

Fra dato
20. juni 2020 kl. 07:45
Til dato
21. juni 2020
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Masfjorden, Fjonfjellkyrkje
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Fellestur , Nordhordland Turlag

Bli med på oppdagingsferd på jakt etter bratte, flotte "nedsyn" langs kantar og ryggar i det mektige fjordlandskapet inst i Masfjorden. 

Oppmøtestad: Bergen Maritime VGS, se raud markør i kartet. 
Oppmøtetidspunkt: Laurdag 15. juni klokka 07.45

Avreise: I privatbilar frå Bergen Maritime VGS til Furebotn i Masfjorden (se raud markør i kartet). Turleiar koordinerer samkøyring. Skriv i kommentarfeltet ved påmelding om du disponerer bil og kor mange passasjerar du kan ta med. 

Turrute: Laurdag: Furebotn-Dukestølen-Haugsvær. Overnatting på Fjon fjellkyrkje. Søndag: Haugsdalen-Geitskegjelet-Andvik.

Turskildring: Mange har gått Bjørn West-marsjen, men denne helga går me langs meir spektakulære, ukjende stiar i det legendariske, kuperte fjellområdet under 1000 meter. Her blir mange høve til magesug-nedsikt og flott utsikt, men utan særleg skumle passasjar. Me reknar med å vera på tur minst sju timar kvar dag. 

Laurdag: Frå garden Furebotn går me opp lia til lågaste punkt på ryggen. Oppover kanten kjem me snart ut av skogen og går med flott utsyn høgt over Haugsværfjorden og Hopsdalen, via Dukestølen og ned Gavlen, opp på Rustefjellet og utover like høgt langs sørsida av Hopsdalen og bratt ned til Haugsvær. Turen er omlag 15 km. Terrenget er noko kupert, stort sett på sti, men me går ingen smale/eksponerte stader. Bil til Fjon fjellkyrkje.

Søndag: Bratt opp langs Kvernhuselva i Haugsdalen, ut langs kanten av dalen via Vardefjellet og Blåfjellet, langs vestkanten av det mektige, avsides Geitskegjelet og Kaldgjelet. Det flotte utsynet ned i indre Masfjorden kulminerer på eit imponerande utsiktspunkt. Ned rygg til Gaddetjørna eller Svartavatnet, ut dalen til Totland/Andvik. Turen er omlag 14 km, i ganske kupert terreng, delvis utanfor sti, men også i dag utan smale/eksponerte stader.

Mat: Middag laurdag er inkludert og turleiar kjøper den inn. Du tar sjølv med matpakke og drikke til begge dagar, og frokost søndag. 

Heimreise: Samkøyring i private bilar. 

Utstyr: Til vanleg fottur. Lakenpose og stødige fjellsko. Sjå utstyrsliste for sommerfjellet

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 750,- for medlemar, kr 1450,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap.Overnatting og middag laurdag er inkludert, men ikkje matapkker og søndagsfrokost. Kvar enkelt deltakar betaler kr. 250,- til sjåføren for transport. 

 Kart: Kart og turutstyr kan du kjøpa i tursenteret i Marken. Rabatterte prisar for medlemar. F.eks. "Turkart Masfjorden" (1:50 000).

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turleder:

  • Leif Rune Løland