Topptur: Panorama FOLGEFONNA

Fellestur

Fra dato
15. august kl. 08:30
Til dato
16. august kl. 22:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Bretur, Historiskvandrerute
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Å kunne gå frå fjorden gjennom frodige lier og deretter over ein isbre er ei spesiell oppleving som har fasinert tilreisande til Vestlandet i lange tider. 

På denne turen går vi  den historiske Turistvegen over Folgefonna, som har si historie tilbake til midten av 1800-talet då turister særleg frå Tyskland og England valfarta til Hardanger for å oppleve fjell, fjord og isbrear. Den gongen vart det bygd ridestiar som frakta turistane opp til Folgefonna på begge sider - både fra Odda og Sunndal. Vi følgjer den historiske ruta og vi vil oppleve den same mektige naturen som fortidens eventyrlystne turistar. Lese meir om den historiske vandreruta her.

Folgefonna er Norges tredje største isbre og denne turen tek deg rett over Sørfonna. Her er breen på det tjukkaste 400 meter, og høgste punkt ligg 1662 meter over havet. 

Oppmøtestad: Knarvik kai (tidlegare ferjekai)
Oppmøtetidspunkt: Laurdag 15. august 2020 kl 08.30

Transport: Vi køyrer privatbilar frå Knarvik til Sunndal/Kvinnherad og tilbake. Kostnader til bensin, ferje og bompengar fordelast mellom deltakarane i kvar bil. Søndag er det rutebuss fra Odda tilbake til Sunndal der bilene er parkert. Vi forventer å vere tilbake i Knarvik søndag ca kl. 22.00. Reisa fra Knavik til Sunndal tek ca 3 timar.

Skildring av turen:

Laurdag: Frå parkeringsplassen i Sunndal går vi først ca 1,5 km på Isvegen, en grusveg som opprinneleg vart laga i samband med at is vart henta frå Bondhusbreen på 1860-talet. Derfrå tek vi av på den historiske Turistevegen som slynger seg oppover den frodige dalen. Etter ca 3 timer kjem vi til Gardshammerstølen som ligg 740 meter over havet. Her tek vi ein lengre pause og nyt utsikta nedover Bondhusdalen og Bondhusvatnet.  Vidare går vi oppover mot den ubetjente hytta Breidablik. Der tek vi siste pausen før vi har ein time igjen til Fonnabu.

Fonnabu Turisthytte er ei selvbetjent turisthytte med fleire bygningar som ligg vakkert til ved brekanten 1450 meter over havet. Når vi kjem frem lagar vi ein deilig treretters middag. Er vi heldige får vi også oppleve ein fantastisk solnedgang.

Stipulert gangtid er 5 timer, pluss pausar.  Turen er på ca 11 km og har 1450 meter med stigning.

Søndag: Vi et tidleg frokost, pakkar sekkane og rydder hytta før vi er klare til å gå kl. 09.00. Innleigde breførarar vil gje oss orientering om korleis vi går på bre og delar ut naudsynt utstyr. Ein treng ikkje ha erfaring med brevandring for å klare denne turen.

Over breen går vi i taulag og turen er ca på 5 km og tek ca 3 timar. Vi tek pause ved turisthytta Holmaskjer før vi går nedover først på snøfenner og senare på sti i fruktbare Støladalen. Vidare går vi bratt på god sti nedover mot Tokheim og til busstoppet.

Totalt er turen denne dagen på 13 km og med 1550 hødgemeter ned. Du må altså ha gode knær som toler ei dryg nedstigning.

Heimreise: Vi planlegg å rekke buss fra Odda kl 16.55 tilbake til Sunndal og køyre private bilar fra Sunndal til  Knarvik, der vi ikkje kan forvente å vere framme før kl. 22.00

Vilkår: Se generelle vilkår

Distanse/topografi: Turen er cirka 25 kilometer. Totalt 13 timer gangtid fordelt på 2 dagar. 1600 meter stigning. 

Mat: Du må ha med niste og drikke til laurdag og energimat som nøtter, kjeks sjokolade og lignande til turen begge dager. Felles middag lørdag og frokost og matpakke søndag lager vi sammen av mat fra hyttens proviantlager. Mat på hytta er inkludert i deltakaravgiften. Hytta har  eit utval av langtidsholdbar mat, men brød, ferskvarer og eventuelle anna mat og drikke må du ta med etter ønske.

Utstyr: Se Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet Husk gode solbriller og hansker! Vandrestaver kan også være ein fordel å ta med for å avlaste knær og gje støtte på snø og is. Anna utstyr til å gå på breen vert delt ut av breførar.

Pris: Kr. 1700- for medlemar, kr. 2200- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem . Prisen inkluderar turleiing, breføring, overnatting og mat på Fonnabu. Turdeltakarane må ta med niste til laurdag, og brødmat til søndag. Bussreise og ferje/ båt betalast av kvar eiinskild deltaker. Sikkerhetsutstyr koordinerast av turleiar.

Kart: ”Folgefonna” 1: 50 000. Kartet og anna turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken . Rabattert pris for medlemar. 

Topptur: Panorama FOLGEFONNA

Å kunne gå frå fjorden gjennom frodige lier og deretter over ein isbre er ei spesiell oppleving som har fasinert tilreisande til Vestlandet i lange tider.  På denne turen går vi  den historiske Turistvegen over ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Kjell Ove Thorseth