Topptur: Over Horga med raspeballer i sekken

Fellestur

Fra dato
26. september kl. 09:30
Til dato
27. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Masfjorden, Stølstur, Alver, Austefjella, Kvingefjella, Kalvedalenturisthytte
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Fjellmassivet Horga ligg som eit smørauga blant flotte Masfjord- og Alverfjell. Denne helga kan du vere med på ein flott tur frå Kvingedalen, til Reknessetra og Duesundsetra, over Horga, til Kalvedalen turisthytte på laurdagen. Dagen etter ber det over Klefjellsnipa til Kvingo. Frå fjord til topps, frå seter til seter, frå stølsidyller til gråfjell og asfalt. Kan ein ynskje meir?

Eit høgdepunkt vert fellesmiddagen i Kalvedalen turisthytte laurdagskvelden. Då vert det raspeballar med tilbehør, solid og velfortent sikringskost etter ein god dagsmarsj.

Turskildring:

Fotturen startar i Kvingedalen og går via Blådalsvatnet til idylliske Reknessetra og Duesundsetra. Vi tek turen vidare til Kleivsbotn før vi går til topps. Horga (804 moh) venter på oss med ein fantastisk 360 graders utsikt over kystfjellheimen vår. Mette på utsikt går vi ned til Kalvedalshytta. Når vi kjem fram til Kalvedalshytta lagar vi ein deilig fellesmiddag.

Søndag forlet med Kalvedalen og dagens topptur er Klefjellsnipa. Me følgjer Klefjellsryggen ut mot Austfjorden, bratt ned Bukkebakkane og Gjelet til Sørkvingevatnet. 

Turen er grader som middels krevjande. Lørdag ca. 8 timar i kupert erreng. Søndag 5 timars gange, pluss noko tid til pausar og ikkje minst sjå og oppleve natur- og kulturperler i området. Turen går utanom T-stiane, slik at du her får høve til å gå på stiar og område som ikkje sjå mange andre går.

Oppmøte: Kraftstasjonen i Kvingdalen, lørdag kl. 9.30

Pris kr 700,- for medlemar og kr 1100,- for ikkje medlemar. Prisen inkluderar overnatting i Kalvedalen turisthytte, felles middag/raspeballar, egg og bacon søndagsmorgon og proviant på hytta. Du må ha med niste til lørdagen, og brød til søndag. Turleiarane kontaktar alle deltakarane i forkant av turen med informasjon. Sikkerheitsutstyr ordnast av turleiarane.

 

Topptur: Over Horga med raspeballer i sekken

Fjellmassivet Horga ligg som eit smørauga blant flotte Masfjord- og Alverfjell. Denne helga kan du vere med på ein flott tur frå Kvingedalen, til Reknessetra og Duesundsetra, over Horga, til ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Kjell Ove Thorseth