Årets første skitur - Vending

Fellestur

Fra dato
18. januar 2020 kl. 09:00
Til dato
19. januar 2020 kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Vintertur, Bergsdalen, Vendingturisthytte
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Bli med på skitur til Vending og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda med ei koseleg, varm hytte er stor.

Oppmøtestad: Knarvik kai 

Oppmøtetidspunkt: Kl 09:00

Transport: Vi satsar på samkjøring, og ved påmelding blir du derfor bedt om å svare på om du kan stille med bil eller treng nokon å sitte på med. Passasjerane vippser sjåfør for drivstoff/slitasje, omlag kr 200 pr person.

Turskildring: 

Skituren startar ved Hamlagrøosen. Her spenner vi på oss skia og fylgjer vasskanten inn mot Lii. Vi tar oss så inn i kortvokst bjørkeskog og fylgjer vintertraseen videre slakt opp mot Vending. Turen har ei lengd på 6,3 km kvar veg, og vi bereknar 3-4 timar inn til hytta på laurdagen. Turen startar på 588 moh og Vending ligg på 816 moh.

Turen går i ein av dei mørkaste månadane, noko som gjer det enda koseligare og fyre i hytta, tenne lys og samlast rundt eit godt måltid. 

Søndagen returnerer vi same vegen tilbake. 

Gradering: Turen er for deg som har noko erfaring med å gå fjellskitur med sekk i 4 timar, både oppover og nedover. Ring turle ar dersom du lurar på om turen er for deg.

Mat: Ta med eigen lunsj til laurdag, det same med evt. snacks og drikke til kvelden. Vi bruker proviantlageret til frokost og lunsj søndag, men ta med brød dersom du ønskjer dette framfor knekkebrød/havregraut. Turleiarar handlar inn til middag, så berekn litt plass i sekken til dette.

Heimreise: Vi planlegg å vere tilbake til Knarvik om lag kl 17:00.

UtstyrSjå utstyrsliste for vinterfjellet. Turen går i kupert terreng, og fjellski med stålkant er tilrådd. Breie langrennski kan også nyttast dersom du har god erfaring med dei, helst med sekk, og veit at skoen held deg varm i laussnø. 

Pris: kr  700,- for medlemmar, kr 1100 for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

Generelle vilkår: Les vilkårene ved påmelding.

Kart: Anbefalt Turkart "Kvamskogen og Bergsdalen 1:50 000". Kart og turutstyr kan kjøpes i Tusenteret vårt i Marken. Rabatterte priser for medlemmar. 

 

Årets første skitur - Vending

Bli med på skitur til Vending og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda med ei koseleg, varm hytte er stor. Oppmøtestad: Knarvik kai  Oppmøtetidspunkt: Kl 09:00 Transport: Vi satsar ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Knut Espetvedt
  • Børge Brundtland