Avlyst Panorama JOTUNHEIMEN - Noreg sin vakraste tredagarstur?

Fellestur

Fra dato
2. juli kl. 15:30
Til dato
5. juli kl. 21:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hyttetur, Jotunheimen
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Jotunheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Drøymer du om ein tur blant høge fjell og vakre toppar. På denne turen får du vera med til topps på Fanaråken, der DNT si høgste beliggande hytte ligg(2068 moh). Om veret er fint vil denne turen by på det beste av Hurrungane og Jotunheimen. Vi går frå Sognefjellshytta via breen til Fanaråken. Innleigd fører. Etter ein flott kveld med god mat, lørdag morgon fylgjer ryggjen mot Fannaråknosi og så ned Keisarpasset. Her opnar utsynet til Gjertvassbreen, Styggedalstindane og Gjertvasstinden seg. Siste stykket går mot Skogadalsbøen med Uranostinden og Falketind i bakgrunnen. Her kjem ein ned i frodig fjellbjørkeskog med rikt plante-og fugleliv. På Skogadalsbøen, en betejnt DNT-hytte, inntek vi eit godt og velfortent måltid før vi kryp til køys. Gangtid ca 7-8 timar. Lengd 19 km. 

Vidare derifrå søndag til Vetti. Turen frå Skogadalsbøen til Hjelle er kanskje ein av dei flottaste turane i Jotunheimen. Turen startar oppover mot fjellet Friken med utsikt til noko av det villaste og mest alpine fjelllandskapet i Noreg, Hurrungane. Nede på den andre sida av Utladalen ligg Vormeli der det var fast busetnad frå 1788 til 1868. Frå det høgste punktet på turen har ein stor utsikt til Vettismorki og nedover Utladalen. På god sti går det bratt ned mot Fleskedalen, fjellstølane til gardane nede i Vetti. Vidare går turen forbi den 275 m høge Vettisfossen, Nord-Europas høgste frittfallande foss. Avslutninga går gjennom den tronge djupe Utladalen til Vetti gard og derifrå på veg ned til Hjelle.

Gangtid: 7 timar. Lengd: 18 km. 

Er dette Norege sin vakraste tre-dagarstur? Du får oppleve alt frå høgfjell, bre, tinder, skogsterreng, fossedal, historiske stader m.m. Ikkje gå glipp av denne unike moglegheita til å bli med på ein sjelden vakker tur med trivelege turleiarar.

"Monsen på tur" gikk hele denne strekningen i 2018. Se episodene her om du vil: https://tv.nrk.no/serie/sommeraapent/2018/ENRK01072018

Avreise: Frå Knarvik ferjekai torsdag ettermiddag i privatbiler kl. 16.00, ankomst Lærdal ca kl. 19.00. Vidare fredag morgon til Hjelle før innleid buss til Sognefjellshytta over Tindevegen. 

Heimreise: Frå Hjelle søndag ettermiddag. I Knarvik ca 21.30

Vilkår: Sjå generelle vilkår

Mat:  De kan kjøpe middag i Lærdal torsdag kveld. Frukost fredag betaler den enkelte, samt niste for dagen. På Fanaråken og Skogadalsbøen er 3-rettersmiddag, frukost og niste inkludert, samt termos. 

Utstyr: Sjå Turlagets  utstyrsliste for sommerfjellet.  Ta med lakenpose.

Pris: Medlemmer kr. 3.100,-, ikkje-medlem kr. 3.600-. Meld deg inn her om du ikkje er medlem. Prisen inkluderar, DNT-godkjent turleiarar, sikkerheitsutstyr, bussreise  Hjelle - Turtagrø (Tindevegen), overnatting i Lærdal og måltider nevnt over, samt overnattinger. Transport Knarvik - Hjelle t/r dekkes i fellesskap av deltakerne selv. Busstransport Tørtagrø-Sognefjellshytta betaler den enkelte deltakar.

Disponerer du bil og kan være sjåfør? Fint om du gir beskjed om dette ved påmelding. 

Kart: Turkart: ”Jotunheimen vest” 1: 50 000 og "Årdal" 1:50 000. Kart og anna turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabattert pris for medlemar.

Dette er turen for deg som er vant til å gå på tur i litt bratt terreng, samt vil ha ein unik tre-dagerstur. 

Har du spørsmål om turen kan du kontakte turleiarane:

Kari Sauer, tlf. 94814255  kari.sauer@hotmail.no eller Åse Øvrestrand tlf. 91615280  ase.ovrestrand@hotmail.no

Panorama JOTUNHEIMEN - Noreg sin vakraste tredagarstur?

Drøymer du om ein tur blant høge fjell og vakre toppar. På denne turen får du vera med til topps på Fanaråken, der DNT si høgste beliggande hytte ligg(2068 moh). Om ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kari Sauer
  • Åse Øvrestrand