Topptur: Dronningstien i Hardanger

Fellestur

Dato
29. august kl. 07:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Hardanger
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Bli med å gå Dronningstien, som er  H.M Dronning Sonja sin panoramatur i Hardanger. Dronningstien går frå Røte ved Kinsarvik og opp til kanten av Hardangervidda  og ned Munketrappene til Lofthus.  Vi går heile tida over Sørfjorden, med fantastisk utsikt over fjorden og mot Folgefonna. 

Oppmøtested: Knarvik kai (tidlegare ferjekai)
Oppmøtetidspunkt: kl 07.30

Skildring av turen:

Vi køyrer i eigen buss til Kinsarvik. Der startar turen frå Røte, som er ein liten stikkveg frå  Kinsarvik. Frå parkeringsplassen er det kjerreveg eit stykke før vi kjem inn på stien. Ved stistart er det ein stor marmorstein med Dronningens signatur. Denne stien er merka med blått, og er lett å følgje.  Det går jamt oppover til Heng (800 moh), og deretter flater det ut. Toppunktet er på ca 1100 moh, eit flott og luftig utsiktpunkt, då det går bratt ned mot fjorden. Vi går sydover til Nosi, hvor vi startar nedturen langs Munketrappene til Lofthus. Det er eit nydelig syn å kome ned til Lofthus og eplehagene der. Vi et middag i Lofthus før me reiser heimatt.

Dronningstien: Ca 16 km, 900 hm, 8 timar. Lese meir og sjå bilete frå turen her.

Mat. Ein må sjølv ta med seg mat til denne turen, stor nistepakke, tursnacks og drikke.

Utstyr: Se utstyrsliste for sommerfjellet.  

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 450,- for medlemar, kr 700,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderar turleiing, sikkerhetsutstyr og busstransport til/frå Knarvik. Middag i Lofthus må den einskilde betale sjølv.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i turinformasjonen i Marken. Rabatterte prisar for medlemar. 

 

Topptur: Dronningstien i Hardanger

Bli med å gå Dronningstien, som er  H.M Dronning Sonja sin panoramatur i Hardanger. Dronningstien går frå Røte ved Kinsarvik og opp til kanten av Hardangervidda  og ned Munketrappene til Lofthus.  Vi går ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Åse Øvrestrand