Topptur: Ådneburen i Masfjorden

Fellestur

Dato
4. oktober kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Søndagstur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Ådneburen og Ådneburkista i Masfjorden er ein kjent fjelltopp på 797 m.o.h. Med sin særprega kisteform er den synleg frå lange avstandar og brukt som landemerke for innsegling frå havs. Turen byr på variasjon med oppstigning på den gamle steinstien og stølsvegen i Nørlandsdalen, opp til stølsområda ved Meisdalsvatnet før det ber strake vegen til topps. Løna for strevet er ein fantastisk utsikt over fjellheimane rundt, fjorden og havet. 

Tidspunkt: Søndag 4. oktober 2020 

Oppmøte: Andåskrysset ved E39, avkøyrsla til Masfjordnes like før Eikefettunnelen om du kjem frå sør. 

Oppmøte: kl. 09.30

Mat og utstyr: Ta med ei god niste og godt med drikke. Gode fjellsko er eit must og ta med vindtette klede. Det er haust og varmeklede til byte kan vere godt.

Turen er middels krevjande med t/r 7,5 km og ca. 2 timar opp og litt mindre ned.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår 

Turane er gratis for medlemar i DNT og kr 100,- for å ikkje-medemar. Me oppmodar turgåarane til å støtte turlaget ved å melde seg inn i DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. (Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen).

Om DNT sin standard gradering av turar.

Les og sjå bilete frå tur til Ådneburen her.

Topptur: Ådneburen i Masfjorden

Ådneburen og Ådneburkista i Masfjorden er ein kjent fjelltopp på 797 m.o.h. Med sin særprega kisteform er den synleg frå lange avstandar og brukt som landemerke for innsegling frå havs. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Erik Johannessen
  • Solfrid Hjelmtveit
  • Bente Lunde
  • Solveig Laumark-Møller