Topptur: Trefjellstur i Gulen

Fellestur

Dato
26. april kl. 09:35
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Familietur, Kystlandskap, Trefjellstur
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Ytre Sogn Turlag har fått ein god tradisjon med ein årleg trefjellstur i ytre Gulen. Nordhordland Turlag ønskjer å ta turfolk med på denne flotte turdagen. Møte kl. 09.35 på Sløvåg ferjekai på parkeringsplassen (ferje kl. 0915 frå Leirvåg), og så kan vi samkøyre til Byrknes. Fint om du melder deg på så vi veit omtrent kor mange vi har i vårt følge.

Søndag 26. april er det igjen klart for Ytre Sogn Turlag, Ytre Gulen Idrettslag og Barnas Turlag Gulen sin årlege 3-fjellstur i Ytre Gulen.

På 3-fjellsturen i Ytre Gulen skal vi gå på Byrknesfjellet (194moh, 4,5 km), Mjømnefjellet (194 moh, 5 km) og Midtbøfjellet (245 moh, 1,6 km). Toppane ligg på tre ulike øyer så vi flyttar oss med bil mellom fjelltoppane og møter opp til starttidspunkta skissert under.

10:30: BYRKNESFJELLET - parkering ved Siletjønna. Skyssbilar køyrer turdeltakarne til starten på løypa.
Turløype: https://www.ut.no/tur/2.6127 (vi går denne turen motsatt veg av det som er skildra hjå ut.no)

13:00: MJØMNEFJELLET - parkering ved kyrkja. Dei som ynskjer det kan ete matpakke og nytte toaletta ved kyrkja. Ytre Gulen idrettslag serverer frukt, nøtter og drikke før turen opp mot Piltevarden startar.
Turløype: https://www.ut.no/tur/2.6132/

15:00: MIDTBØFJELLET (fellestur med BTG) - parkering ved turskiltet på Ånneland.
Ved starten vert dei ei lita overrasking til alle barn!
Turløype: https://www.ut.no/tur/2.6128/

Du vel sjølv om du vil være med på ein, to eller tre fjelltoppar. Barn har tidligare vore med med på alle tre fjella, så barnefamiliar er velkomne til å være med på heile turen (og ikkje berre BTG-turen) dersom dei ynskjer det!
Etter turen samlast vi på Skjerjehamn som tidligare år. Der vert det delt ut medaljar til alle barna som har delteke.

 

 

Topptur: Trefjellstur i Gulen

Ytre Sogn Turlag har fått ein god tradisjon med ein årleg trefjellstur i ytre Gulen. Nordhordland Turlag ønskjer å ta turfolk med på denne flotte turdagen. Møte kl. 09.35 på Sløvåg ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bente Lunde Daae