Topptur: Gygrakjeften - Lihesten

Fellestur

Dato
7. juni kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Søndagstur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fjellryggen Lihesten er skildra som majestetisk, trolsk og utfordrande. Frå vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad. Nordhordland Turleg inviterar deg til topps på Gygrakjeften på 710 m.o.h. søndag 7. juni 2020.

 

Skildring av turen:

Oppmøte: Knarvik ferjekai kl. 07. 50 (og avreise kl. 08.10) eller møte opp på Oppedal ferje kai kl. 09.20. Turleiaren kan koordinere samkøyring i private bilar når vi veit kven som har meld seg på.

Bilturen: Fotturen startar i Lekva, 3 km vest for sentrum i Hyllestad. Når du melder deg på må du gje opp om du vil møte opp i Knarvik eller på Oppedal ferjekai, og om du køyrer bil og ta med passasjerar, eller om du treng skyss. Frå Knarvik til Oppedal ferjekai 81 km og 1 t 15 min å køyre. Vi tek ferja kl. 09.30 over Sognefjorden frå Oppedal ferjekai til Lavik, og derifrå er det ca.30 min å køyre til Lekva.

Fotturen til topps: Frå stistart i Lekva er det 5,4 km til topps. Stien går inn gjennom nokre utmarksgrinder og slyngar seg så bratt opp gjennom den frodige skogen. Oppe i lia kjem ein til eit stikryss. Her står det åtvaringar om den bratte stien som ventar og noko klyving vert det oppover. Oppe på platået er det godt merkt med vardar og raud farge opp til toppen, Gygrekjeften. Det er luftig utsikt ned til Hyllestadsfjorden og Hyllestad. 

Turen er ein krevande tur, og på sjølve fotturen reknar vi med 5-6 timar.

Mat, drikke og utstyr: Ta med det du treng for ein dagstur. Mat, drikke,litt ekstra energimat og  ekstra varmklær kjem alltid godt med.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår 

Turane er gratis for medlemar i DNT og kr 100,- for å ikkje-medlemar. Me oppmodar turgåarane til å støtte turlaget ved å melde seg inn i DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. 

Passasjerane må dele på reiseutgifter (3 kr pr. km, ferje og bompengar) - føraren skal ikkje betale.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. (Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen).

Om DNT sin standard gradering av turar.

Sjå bilete frå turen:

Topptur: Gygrakjeften - Lihesten

Fjellryggen Lihesten er skildra som majestetisk, trolsk og utfordrande. Frå vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Åse Øvrestrand