Til topps i Nordhordland med ordførar Kjetil Eikefet - Runderabben i Modalen

Fellestur

Dato
8. august kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Stølsheimen, Modalen, Kommunetopp, Ordførartur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Laurdag 8. august 2020 inviterar Nordhordland Turlag til tur opp på høgste toppen i Nordhordland, Runderabben 1292 m.o.h. i Modalen. Kjentmann er intet mindre enn ordførar i Modalen, Kjetil Eikefet.

Då me køyrer heilt opp i høgfjellet på anleggsveg, er dette ein lett/moderat vanskeleg tur og det passer for mange som likar å vere på tur 4-5 timar.

Skildring av turen:

Me reiser inst i Modalen og opp anleggsvegen til Åsebotn. Då er me allereie på ca. 940 moh. Herifrå går turen langs varda og merka rute ved Austabotnvatna, ein roleg og slakk trase til me møter T-merka ruta mellom Norddalen og Solrenningane. Me følgjer T-ruta eit stykke nordover før vi tek av til topps på Runderabben. Innpå fjellet kneisar ein staseleg varde - dagens mål.

Ca. 4,5 timars gange tur/retur - 11 km med ca. 350 høgdemeter.

Runderabben er det høgste fjellet i Modalen og i Nordhordland, og blant dei høgaste i heile Stølsheimen. På klare dagar kan ein sjå renna av Sognefjorden og Jostedalsbreen. På sørsida kan me ane Folgefonna, og rett vest er det havet som møter oss. 

Oppmøte på turdagen:

Felles oppmøte på Ostereidet på parkeringsplassen til Rema 1000, kl. 09.00. Turleiarane vil samordne transport og evt. utgifter til fellestransport kjem i tillegg. Turen er gratis for medlemar i DNT, og koster kr 100 for ikkje-medlemar av DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Transport til start for turen dekkjast av den einskilde deltakar, evt. delast mellom passasjerane ved samkøyring.

Runderabben ligg i barskt høgfjellsterreng så vi må klede for at veret kan skifte fort. Ei god dagsniste og drikke må du ta med. Turleiarane vil ta med utstyr for å ivareta tryggleik.

Velkommen til topps i Nordhordland!

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår

Her kan du sjå bilete frå bursdagsturen Nordhordland Turlag hadde til Runderabben i 2018.

Til topps i Nordhordland med ordførar Kjetil Eikefet - Runderabben i Modalen

Laurdag 8. august 2020 inviterar Nordhordland Turlag til tur opp på høgste toppen i Nordhordland, Runderabben 1292 m.o.h. i Modalen. Kjentmann er intet mindre enn ordførar i Modalen, Kjetil Eikefet. ...

Kontaktinformasjon: