Påmelding, trykk her
Oppmøtestad: Knarvik terminal/skysstasjon(på fremsiden av Knarvik senter) Kart
Oppmøtetidspunkt: Søndag 13. september 2020 kl. 10.00
Transport: Leiebuss fra Knarvik skyssstasjon. Det tar ca. 2 timer å køyre til Ortnevik.
Skildring av turen:
NB. Det vil være ca 30 personer på hver buss for å redusere smittefare.
Som å gå attende i tid vandrar me ca. 1 mil frå Ortnevik forbi mange veglause og stort sett nedlagte gardar heilt til me kjem til idylliske Sylvarnes. Over knaus og hammar, over sti og utmarksveg, i skog og på innmark. Ein variert kulturtur langs det som vert kalla dei veglause strendene på sørsida av Sognefjorden.
Gangtid er ca. 5 timar i lett kupert terreng + pausar og historieformidling.
Frå Sylvarnes skal me ta båten attende til Ortnevik.
Mat: Ta med næringsrik niste, drikke og noko godt attåt.
Utstyr: Gode, stabile tursko/fjellstøvlar, egna og varmt tøy.
Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår og Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur.
Pris: kr 300,- for medlemmar, kr 450,- for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.
Inspirasjon:
Frå Alrek, den høgstliggjande garden på turen Foto: Alf Vidar Snæland