Avlyst Snøhule overnatting

Arrangement

Fra dato
1. februar kl. 13:00
Til dato
2. februar kl. 12:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Snøhulekurs, Barn Vinteraktivitet, Snøhulelaging
Arrangør
Nordhordland Turlag, DYRKOLBOTN LEIRSKULE
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Grunna dårlige snøforhold vert arrangementet avlyst.

 

 

 Natt i naturen / Snøhule overnatting

Dato: Lørdag 1 februar

Stad: Dyrkolbotn Leirskule, kl.13

Oppmøte: For felles køyring vert oppmøte ved Parkeringsplassen ved Hageland i Knarvik kl 12.00. Om du stiller direkte i Dyrkolbotn er det fint du gir beskjed i kommetarfeltet ved påmelding.

 

Har du nokon gong sove ute i naturen? Kva med å sove i ei snøhule? No har du sjansen. 1.februar set vi snuten til vår samarbeidspartner Dyrkolbotn Leirskule. 

 

Ved Leirskulen vert me møtt av ein erfaren og dyktig lærar som tek oss med ca 800 meter frå sjølve Leirskulen. Her skal vi slå leir og grave 2-3 snøhuler vi skal sove i. Det er både tungt og tidkrevande, men belønninga er ei fin kosegrop og god avslapning når gravinga er ferdig. Det vert forventa at alle, både born og voksne, bidrar aktivt i gravinga. Ein må rekna 5-6 timar før snøhulene er ferdig, i pausen lager vi bål og griller pølser. Vi står for pølser til grilling.
 
Søndag 2. februar er det Kom-deg –ut-dag i Dyrkolbotn frå kl.12.00 -15.00.  Då kan dei som ynskjer komme bort å sjå på snøhulene og leika seg i området.

 

Aktiviteten er for medlemmar i Barnas Turlag frå 9 år. Borna må ha ein voksen med seg. Det er begrensa med plassar og værforbehold.
 
Litt tips om overnatting i snøhule finn du her:
https://www.dnt.no/artikler/nyheter/607-slik-sv-du-ei-nattinaturen/
 


Dette treng ein:


Ein vert heilt sikkert svett og våt etter iherdig graving. Det er viktig å ha ullundertøy innerst samt eit ekstra ullundertøyskift og strømpeskift i sekken. Det er og viktig å ha solid vindtøy, varme vintersko og skiutstyr er å anbefale. Under finn de forslag til pakkeliste:


• Ekstra sett med klær til å skifte etter å ha gravd i 5-6 timer (før ein skal legge seg)
• Stillongs, bukse, truse, sokker, genser, hue, votter, evt. ekstra jakke. (viktig med tørre klær, ha og med ekstra hue og votter)
• Varm sovepose til -5 comfort temperatur (tre sesongs sovepose eller vintersovepose til -15 comfort temperatur). Ikkje alle har god nok sovepose. då kan ein nytte to soveposer inni kvarandre eller ein sovepose og eit ulleppe inni.
• Isolasjonsmatte og et liggeunderlag (eventuelt 2 isolasjonsmatter oppå kvarandre). Dette er viktig at det gir god isolasjon.
• Lykt/ hodelykt
• Stearinlys  (om du har)
• Termos med varm drikke
• Vannflaske
• Ski/ skiutstyr
• Stor matpakke til kvelds laurdag og frokost søndag (Frukt, grønnsaker, kjeks og sjokolade o.l. som ekstraproviant)
• Ekstra bukse til gravejobben (gjerne regnbukse)
• Toalettsaker
• God sekk

Husk spade :-)


Tips til klær i sovepose (testa no i vinter):
• Dobbelt sett med stillongs, dobbelt sett med trøye, tjukk ullhue, hals, dobbelt sett med ullsokker. Då holdt deltakarane seg gode og varme.

 

Blir du med?

 

Kontaktperson Turleder Barna's Turlag, Torunn Haugsvær mob: 970 64 368

 

Snøhule overnatting

     Natt i naturen / Snøhule overnatting Dato: Lørdag 1 februar Stad: Dyrkolbotn Leirskule, kl.13 Oppmøte: For felles køyring vert oppmøte ved Parkeringsplassen ved Hageland i Knarvik kl 12.00. ...

Kontaktinformasjon:

  • Torunn Haugsvær