Fossefalltur til Stavali Turisthytte - midtveketur

Fellestur

Fra dato
26. august kl. 08:00
Til dato
27. august kl. 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Turkode
Midtveke

Meld deg på og bli med  på ein nydeleg 2-dagers midtveketur opp vakre Husedalen til flotte Stavali Turisthytte. 

Dette er turen for deg som vil oppleva dei unike fossefalla opp Husedalen. Tett på fossane i storslagen natur. Stavali er eit koseleg stølsmiljø. Vestsida av Hardangervidda er variert med store kontraster. Dette er ein unik sjanse til å besøka Stavali, ein stad fjellfolk bør vitje år om anna. 

Transport og Parkering:  Avreise fra Knarvik i privatbilar kl. 08.00. Avgang fra Kinsarvik kl. 10.30. 

Stavali Turisthytte er i sesongen juli/august delvis betjent og det er servering av frokost, niste, middag samt salg av div kioskvarer i tillegg til vanleg hytteproviant. Hytta har også øl og vinrett. https://www.ut.no/hytte/3.1698/

Onsdag: Turen startar frå skytebanen og går innover til Krafstasjonen på grusveg dei første kilometerane. Vidare går turen på T-merka sti opp langs elva og dei fire fantastiske fossane flotte Husedalen kan by på. Turen går videre oppover Reinsbrekkene og Viersdalen til Kjerring, gjennom Grønndalen og bort til Stavali. Turen frå skytebanen til Stavali er ca 12 km og me reknar med og bruke rundt 7 timar på turen opp. Vel framme på Stavali vert det felles middag. 

Torsdag: To alternativer for retur, været kan avgjøre valget. Vi kan returnere til KInsarvik samme veg ein gjekk opp. Alternativt går ein vestover og tek ned til Lofthus. Noko lengre tur. 

Pris: kr 1.200 for medlem og kr 1.600 for ikkje medlem.

Anna info: Alle må ha med lakenpose/sovepose. Utstyrsliste for sommarfjellet finn du her http://www.bergenoghordalandturlag.no/utstyrsliste-sommerfjellet/

For spørsmål om turen kontak turleiar Asle Hindenes, 90121577

Me tek atterhald om ver- og vermeldingar. Turen kan verta avlyst på kort varsel. Er du ikkje medlem, kan du melda deg inn her http://www.bergenoghordalandturlag.no/medlem

Fossefalltur til Stavali Turisthytte - midtveketur

Meld deg på og bli med  på ein nydeleg 2-dagers midtveketur opp vakre Husedalen til flotte Stavali Turisthytte.  Dette er turen for deg som vil oppleva dei unike fossefalla opp ...

Kontaktinformasjon: