Overnatting i Kvamsvågen

Fellestur

Fra dato
31. mai kl. 18:00
Til dato
1. juni kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Telt, Bål, Overnatting, Barnas, Turlag, Opplevelser, Padling, Nordhordland
Arrangører
Nordhordland Turlag, Barnas Turlag Nordhordland
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Vi forholder oss til DNTs smittevernsinstruks for aktivitet, les meir her og under generelle vilkår. 

På grunn av smittevernhensyn kan berre familiar eller nære venner som er tett på til vanlig dele telt. Alle må ha med mat og utstyr til eige bruk, det vert ikkje lagt opp til deling av utstyr og alle må ha med eigen antibac! Det er begrensa med plassar. Om du er påmeldt, men opplever forkjølelses- og luftveissymptomer i forkant av turen ber vi om at du heldt deg heime. Ta kontakt med oss for avmelding.

 

Bli med oss på overnatting i Kvamsvågen i pinsen!

Aldersgrense: 1.klasse og oppover, foreldre må være med. Turen er for medlemmar.

Oppmøte søndag kl 18 ved den nye parkeringa til badestranda i Kvamsvågen. Nedkjørselen vert merka med banner. Me starter med å sette opp lavvo/ telt. Me fyrer så i bålpanne, slik at det er mogeleg med kveldsmat laga på bål for dei som ynskjer. Vi har ikkje med grillrist, hugs derfor å ta med grillpinne. Om du vil kan du ta med stormkjøkken og lage eige måltid/ koke vatn på den. Sjå kart

Vi har kanoar tilgjengeleg. Det vil være reglar på bruk og reinhald. Det vert ellers leik i fjæra, i skogen og mogeleg for fiske om ein ynskjer det. Ta med redningsvest, strandleikar og fiskestang om du har.


Forslag til pakkeliste:

Telt/ hengekøye

Sovepose

Liggeunderlag (gjerne og eit ekstra teppe/ skinn)

Ull til å sove i

Event lue og hals

Badeklær og håndkle (om du tør)

Vatn (til drikke/ koking/ tannpuss)

Stormkjøkken

Kveldsmat og frukost

Fat/bestikk/kopp

Toalettsaker, toalettpapir (det er utedo på området)

Myggmiddel

Solkrem

Grillpinne

Lommelykt

Spikkekniv

Hovudlykt/ lommelykt

Sitjeunderlag/ piknikteppe

Øreproppar

Redningsvest

Strandleikar

Fiskestang om du har

Våtservietter

Antibac el.l

Avfallspose til eiget boss


Me gler oss veldig, håper å sjå deg der!

 

Helsing turleiarane

Christer 47643391 

Trude 99630400 og

Torunn 97064368 

Overnatting i Kvamsvågen

Vi forholder oss til DNTs smittevernsinstruks for aktivitet, les meir her og under generelle vilkår.  På grunn av smittevernhensyn kan berre familiar eller nære venner som er tett på til vanlig dele ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Trude Isdal Fosse
  • Torunn Haugsvær
  • Christer Aadland