Onsdagstur i Nordhordland; frå Spjeldneset med avslutning for sesongen

Fellestur

Dato
30. september kl. 18:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur, Lokaltur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB! Med påmelding. Kan også gjøres på SMS til 90584618 senest 25.9.

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Her må du både melde deg på og gje beskjed kva du ønsker å spise. Betaling skjer på Spjeldnes før middag. Se under turskildring.

Turskildring: 

Historisk og kulturell runde på Lindås frå Spjeldnes.

Dette blir ein roleg tur på vel ein time. 

Vi går for det meste på veg og gode stiar.

Kle deg etter vêret.

Etter denne runden er det avslutning med middag. 

Ved påmelding må du sei om du ønskjer:

Vanleg porsjon raspeballar 200,-

Stor porsjon raspeballar 245,-

Dessert; frisk fruktsalat med is og kaffi. 80,-

 

Rute

Me startar ved Spjeldnes, går over brua mot bygda og inn til høgre gjennom eit skogsområde som vert kalla Hestevellane. Her helsar me på huset der diktaren Aslaug Laastad Lygre budde, før me går på grusa sti gjennom skogen og langs Prestelva og opp til skulen. Så besøkjer me den fine kyrkjeparken med flott utsikt over Lindåsosane. 

Deretter går me nedover brekka mot sjøen, og ser innom eigedomen til den gamle, historiske tuberkuloseheimen. Vidare passerer me ulike gamle bygg med historie langs sjøen, og rundar av denne fine historiske og kulturelle ruta med å gå tilbake til Spjeldneset. Velkomne 

 

Turleiar/-ar: 

Renate Rebnor Matre; 48246060

Bodil Vabø

 

 

Oppmøtestad: Spjeldnes gard.

 

Parkering

Parkering opp til venstre rett før Spjeldnes gard..

Stigning

Flatt, smått kupert

Distanse

ENO, ca. 4-5 km

Varigheit

60-80 minutt pluss middag. Ferdig ca 21:00

Gradering av turen

Enkel. 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi treng påmelding på desse turane no og 50 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland; frå Spjeldneset med avslutning for sesongen

NB! Med påmelding. Kan også gjøres på SMS til 90584618 senest 25.9. Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og ...

Kontaktinformasjon: