Panorama Sognefjorden

Fellestur

Fra dato
4. september kl. 10:00
Til dato
5. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stølsheimen, Fjelltilfjord
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nordhordland Turlag inviterar til Panorama Sognefjorden. Som namnet tilseier vert dette ei turoppleving med sjeldan flott utsikt og nedstigning til Sognefjorden.

Oppmøte: Laurdag 4. september kl. 10 ved Romarheim skue/grendahus.

Skildring av turen: Etter vi har parkert bilane i Romarheim vert vi køyrd opp til Åsebotn, øvst i Modalen. Herifrå går vi til Runderabben 1292 moh, høgste i Modalen. Derifrå til Norddalen Turisthytte for eit betre trerettars høgfjellsmiddag og overnatting. Neste dag/søndag ber det mot Sognefjorden. Først oppom Brydalsfjellet og så ned ryggen over Storekusen til Ortnevik. Ein lengre og nydeleg dagstur med mange høgdepunkt.

Turavgifta er kr 800,- for medlemar og kr 1200,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Turavgifta dekkjer overnatting, uttak av proviant på hytta, trerettars høgfjellsmiddag og turleiing. I TILLEGG kjem skyssutgifter for minibuss (Romarheim - Åsebotn, Ortnevik - Romarheim).

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

 

Panorama Sognefjorden

Nordhordland Turlag inviterar til Panorama Sognefjorden. Som namnet tilseier vert dette ei turoppleving med sjeldan flott utsikt og nedstigning til Sognefjorden. Oppmøte: Laurdag 4. september kl. 10 ved Romarheim skue/grendahus. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Kjell Ove Thorseth