17. mai - feiring i Kalvedalen

Fellestur

Fra dato
16. mai kl. 12:00
Til dato
17. mai
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hyttetur, Kalvedalen, Austefjella, Nasjonalfeiring
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

Nordhordland Turlag inviterar til 17. mai - feiring i Kalvedalen.

Vi tek med rømmegrauten, spekematen og andre godsaker og går til Kalvedalen søndag 16. mai. Flagget skal til topps over Storevasseggane og festbordet vert dekka når vi kjem til Kalvedalen Turisthytte. 

Oppmøte: Parkeringsplassen i Vågsbotn, nord for butikken på Kvingo i Masfjorden, sjå på kartet nedanfor her.

Tidspunkt: Søndag 16. mai 2021 kl. 12.oo

Skildring av turen:

Vi fortelt parkeringsplassen går til Sørkvingevatnet og opp Gjelet til Blådalsvatnet. Så ber det over Storevasseggande og ned til Storavatnet og Kalvedalen. ca. 12 km og 4,5 timar i vandring. For meir om ruta, trykk her.

Retur mandag 17. mai via den same ruta. Etter avtale med deltakarane kan vi tilpasse rutevalet. Evenuelle restar av snø og vinter kan også gjere at rutevalet til/frå Kalvedalen vert tilpassa.

Turavgifta er kr 800,- for medlemgar og kr 1200,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Turavgifta dekkjer overnatting, uttak av proviant på hytta, rømmegraut, spekemat og turleiing. Du må ta med niste til søndag, brødmat til mandag og evet. anna godt til turen.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

 

 

17. mai - feiring i Kalvedalen

Nordhordland Turlag inviterar til 17. mai - feiring i Kalvedalen. Vi tek med rømmegrauten, spekematen og andre godsaker og går til Kalvedalen søndag 16. mai. Flagget skal til topps over ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Solfrid Hjelmtveit