Sumarnatt på Solrenningane

Fellestur

Fra dato
3. juli kl. 10:00
Til dato
4. juli
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stølsheimen, Kulturlandskap, Trivselstur, Tapas, Setrar
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland, Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Tidleg på sommarsesongen inviterar Nordhordland Turlag deg til Solrenningane, ein plass av mange kalla i hjarta av Stølsheimen. Det nydelege landskapet er perfekte rammer for ei fin turoppleving.

"Sumarnatt i Solrenningane" er ein trivelstur med fokus godt selskap, god tur og god mat. På sommarmenyen står det tapas.

I løpet av turen vil vi besøkje stølane på Solrenningane (10 min), og om ønskjeleg også Alrekstølane (45 min). Begge er idylliske stølsmiljø som ofte er brukt som forside- og kalenderbilete frå Stølsheimen.

Oppmøte: Rema 1000 på Ostereide, Alver

Oppmøtetid: Laurdag 3. juli 2021 kl. 10.00

Vi brukar private bilar, og turleiarane vil samordne biltransport. Når du melder deg på må du derfor gje opp om du treng skyss eller har bil og eventuell plass til andre. Passasjerane betaler for skyssen.

Husly finn vi på Solrenningen Turisthytte.

Skildringa av turen: Vi parkerar bilane ved Stølsdammen og starter der på ca. 6,6 km langs vatna til Solrenningen Turisthytte. Turen er stipulert til ca. 3 timar, men er vi flinke brukar vi gjerne meir. Vi held oss på ca. 660 moh. heile vegen, "bort over- terreng" og lite motbakkar. Turen er gradert til middels krevjande. 

Turavgifta er kr 800,- for medlemqr og kr 1200,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap. Turavgifta dekkjer overnatting, uttak av proviant på hytta, tapas og turleiing. Du må ta med niste til lørdag og søndag, evt. brødmat og godis til turen.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakaraneLes generelle vilkår // Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen.

Om DNT sin standard for gradering av turar.

 

 

 

Sumarnatt på Solrenningane

Tidleg på sommarsesongen inviterar Nordhordland Turlag deg til Solrenningane, ein plass av mange kalla i hjarta av Stølsheimen. Det nydelege landskapet er perfekte rammer for ei fin turoppleving. "Sumarnatt i Solrenningane" er ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Erik Johannessen