Hengekøyetur til Slottet

Fellestur

Fra dato
4. juni kl. 16:30
Til dato
5. juni kl. 14:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hengekøye, Slottet
Arrangør
Nordhordland Turlag

Merk: Om turen blir fulltegnet, sett deg opp på venteliste da vi prøver å få til tur for alle som er interessert i en slik opplevelse.  

Vi drar til Slottet i Modalen. Truleg vil du her oppleva den råaste utsikta frå hengekøye nokon gong. 

Har du drøymt om å henge på Slottet? Eller har du aldri sove i hengekøye før? No har du moglegheit til å vere med på hengekøyetur med Nordhordland Turlag. Nokre kilometer før Mo i Modalen ligg klippeformasjonen Slottet. Dette er Modalen sitt svar på Preikestolen. Her er det ei storslått utsikt innover mot Mo og utover mot Langedalen. Sjølve turen går på merka sti og det er ein stigning på omlag 250 høgdemeter. Normalt går ein turen på 1 time, men med ekstra oppakning kan ein rekne noko meir tid. 

Rett før vi kjem til sjølve platået er det ein stad som egnar seg for hengekøyer. Her legg vi frå oss sekkar og turutstyr før vi går opp på platået og nyt den flotte utsikta. 

Turleiarane handlar inn kveldsmat som kan lagast på stormkjøkken. Gje beskjed om det er noko du ikkje toler, så tilpassar vi det. Maten smaker alltid best ute, med utsikt og godt selskap! 

Du tek sjølv med drikke, frukost/lunsj til laurdag og eventuell snacks. 

Laurdag morgon søv vi til vi vaknar, så et vi frukost og pakkar ned leiren. Så ruslar vi ned att lia. 

Utfyllande pakkeliste får du når det nærmar seg, men til denne turen treng du hengekøye med myggnetting og oppheng, tarp (dersom nedbør), sovepose, liggeunderlag og gode sko som toler vatn sidan vi går gjennom eit myrete område. Pakk i ein passe stor sekk. Hugs at du må ha plass til litt fellesutstyr i tillegg til ditt eige. 

Bli med og opplev den gode stemninga ein slik tur skapar. Kun 10 deltakarar.  

Avreise frå Knarvik  fredag 4. juni kl. 16.30. Frammøtestad etter nærare avtale. 

Vi er tilbake laurdag 5. juni seinast kl. 14.00

Med atterhald om dårleg vêr og korona

Tips til soving i hengekøye:

https://www.youtube.com/watch?reload=9&v=628YEF4AKyg

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Lillian Mostraum
  • Stine Venset Liland
  • Ann-Magritt M. Manger