Onsdag 24. februar 2021 kl 19.00 held Nordhordland Turlag
ÅRSMØTE
på Teams/Hagellia Matstove, Hagellia 6, Knarvik
Saksliste og saksdokumenter vil verte lagt ut her ca ei veke før møte.
Det er vanlege årsmøtesaker som vert handsama. Sakspapira til årsmøtet ligg her.
I tillegg vert det utdeling av Budeieprisen
Etter formelt årsmøte får vi høyre "Ung for fjella", ungdomane som har engasjert seg sterkt mot vindturbinar i fjellheimen i Nordhordland. Vi gler oss til å høye kvifor dei har engasjert seg, korleis dei jobbar og kva dei trur om framtida til fjella og naturen i regionen.
Møtet vært primært halde digitalt på Teams. Om smittevernomsyn gjev høve, kan medlemar møte fysisk i Dampen. Ved påmelding svarar de på om de kjem fysisk eller deltek digitalt. Når det nærmar seg årsmøtet, vil alle påmeldte få e-post med informasjon om korleis ein vert med digitalt eller om det er høve til frammøte i Dampen.
Velkomen!
Beste helsing Nordhordland Turlaget ved styret og styreleiar Børge Brundtland