14.april : Onsdagstur i Nordhordland; Sæterkletten frå Åsgard kai

Fellestur

Dato
14. april kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Fjelltur, Blikjenttur, Lokaltur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

14.april blir det tur i gamle Lindås kommune frå Åsgard kai og ganske bratt opp på Sæterkletten.

Sæterkletten er toppen lengst nord på Bjørgafjell med flott utsikt. 

Nærturer kan gjennomførast med 2 meter avstand i gruppen og maks 30 deltakare.

NB! med påmelding her i artikkelen.

(kan også gjere det på SMS ved oppmøte)

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande og dyktige turleiarar og lokale kjentfolk kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvenar. Vi har turar kvar onsdag kveld klokken 18:00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsomt til moderat tempo.

Turskildring: 

 

Ein bratt og litt tung tur i roleg tempo opp frå kaien på Åsgard

Vi går på god sti  gjennom skog og mere åpent terreng og til topps på Sæterkletten. 

Det er sjølvsagt framleis godt blaut i terrenget så ta på eigna fottøy.

Vi rekner med at turen tek om lag to timer.

 

Rute

 

Frå parkeringa på kaien ved Åsgard tek vi sti direkte ut frå kaien og kryssar Hindenesvegen. 

Vi vandrar gjennom ganske bratte og nokre slakare parti opp gjennom utmarka og skogen til vi kjem opp på Bjørgefjell og tek sikte på toppen av Sæterkletten. Retur blir same veg.

Det er mykje fint utsyn i fleire retningar  på turen så vi håper på godt og klart ver.

Dette er ein tur på greie stier med nokre blaute parti. 

 

Turleiar/-ar:  Ragnhild Selbakk/Jan-Otto Natland

 

Oppmøtestad: Kaien på Åsgard, sjå kart. 

 https://kart.finn.no/?lng=5.38581&lat=60.65641&zoom=16&mapType=normap&markers=5.37513,60.65446,r,Brukerdefinert

 

 

Parkering

Sjå oppmøtestad.

 

Stigning

Ca 320 høgdemeter.

 

Distanse

Ca 4 km

 

Varighet

100-120 minutt

 

Gradering av turen

Litt tung tur. Meir enn 300 høgdemetre og nokre bratte parti. Kan vere ganske vått i deler av traseen om det har regna mykje. 

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål til tempo og vanskelighetsgrad

Ta gjerne med drikke og noe lett tursnacks.

Vi trenger påmelding på desse turane no og 30 er maks grense med 2 meter avstand. Vi må overhalde  god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmoder likevel til å støtte opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemsskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

14.april : Onsdagstur i Nordhordland; Sæterkletten frå Åsgard kai

14.april blir det tur i gamle Lindås kommune frå Åsgard kai og ganske bratt opp på Sæterkletten. Sæterkletten er toppen lengst nord på Bjørgafjell med flott utsikt.  Nærturer kan gjennomførast med ...

Kontaktinformasjon: