Onsdagstur i Nordhordland: Storeknappen på Holsnøy

Fellestur

Dato
28. april kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur
Arrangør
Nordhordland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane held fram.

NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte).

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturopplevingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Turskildring: 

Denne onsdagen går turen til Storeknappen i Alver, på Holsnøy.

Vi startar på Meland aktiv-siden og går en runde gjennom skog og hogstfelt til Storeknappen og ned att.

 

Det kan vere vått i stien og stedvis litt dårleg framkommelighet pga hogst. Ha gode sko 

 

Turleiar/-ar: Jan-Otto Natland, 90584618

Kjentmann:  Jan-Otto Natland

 

Oppmøtestad: Lærerparkeringen på Sagstad skule. Sjå kart lngre nede

 

Parkering: Sjå oppmøtestad.

 

Varigheit: Om lag 2 timar.

 

Gradering av turen: Enkel. En del opp og ned. Litt stigning.( om lag 100-150 høgdemeter.)

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi treng påmelding på desse turane no, og 30 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur.

Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland: Storeknappen på Holsnøy

Onsdagsturane held fram. NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte). Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturopplevingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips ...

Kontaktinformasjon: