Askeladden og prinsessa som babla og babla på Vardefjellet

Dette arrangementet er over!

Arrangementet er fullteikna, men det framføres også på Byngja same dag kl. 16. Les meir her: https://nordhordland.dnt.no/aktiviteter/134685/898823/

Eventyr i Parken, Nordhordaland Turlag, Strilabiblioteket og Vestlandet Fylkeskommune inviterer til vandreteateret:

"Askeladden og prinsessa som babla og babla".

Bli med på vandreteater og møt sjølvaste Askeladden som har tenkt seg ut på tur! Prinsessa av Alver bur på eit slott, men er ikkje interessert i kjoler og gull slik som dei andre. Ho er einsam, og mest av alt ønskjer ho seg ein ven som ho kan prate med om korleis verda heng saman. Kvifor er snøen kvit og ikkje grøn? Og kvifor går vi menneske på to bein og ikkje fire slik som hunden? 

No har ho sendt ut eit brev til alle som bur i Alver: “Vil du bli min nye ven?”, spør ho. Men berre dei som verkeleg vil vere venen hennar kan lukkast. På vegen lurer farar og den som ikkje klarer å overbevise prinsessa, kan det gå riktig så gale med. Vil Askeladden klare det, trur du?

Bli med Askeladden på ei vandring til dagsturhytta Vardebu! Det er omlag 1,1 km på grusveg frå parkeringa til Vardebu. På toppen har du flott utsikt mot Lindås, Radøy og Austrheim. 

På vegen vil det spelast ut scener før vi avsluttar ved hytta. Framsyninga varer i ca. 40 minutt og passar for heile familien. Framme ved hytta vert det tid til ein rastepause. Dei som ynskjer det kan ta turen vidare til Kolåsfjellet før vi rusler tilbake til parkeringsplassen. Turen dertil går på flott opparbeida sti med klopper over dei våtaste partia. 

Alt skjer utandørs, så kle deg og dine etter vêret!   

Parkering og oppmøtestad: Ta av frå FV 57 mot Lindås senter og deretter første veg til venstre mot Kolås. Følg Kolåsvegen vidare heilt til du kjem til parkeringsplassen som ligg ved innkøyringa til Kolåsvegen 110-126.

Deltaking er gratis, men du må melde deg på for å vere med. Det gjer du ved å trykke på den raude knappen til høgre og fullføre registreringa der.

Om smittevern: For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengige av at publikum overheld gjeldande smittevernstiltak. Personar frå same husstand går samla. Vaksne er ansvarlege for å halde sine barn på minst 1 meter avstand frå andre. Er nokon i husstanden sjuk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp. DNT smittevernsinstruks for aktivitet finn du her. Les og generelle vilkår for deltakelse på BHT sine aktiviteter. Våre frivillige turledere er alle kursa i DNT sine retningslinjer for smittevern. Velkommen!

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement ønsker å skape unike kulturopplevingar utandørs for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna. 

 

Askeladden og prinsessa som babla og babla på Vardefjellet

Arrangementet er fullteikna, men det framføres også på Byngja same dag kl. 16. Les meir her: https://nordhordland.dnt.no/aktiviteter/134685/898823/ Eventyr i Parken, Nordhordaland Turlag, Strilabiblioteket og Vestlandet Fylkeskommune inviterer til vandreteateret: "Askeladden og prinsessa som ...

Kontaktinformasjon:

  • Torunn Haugsvær
  • Tlf. 97064368

Turleder:

  • Sigrid Furnes