Askeladden og prinsessa som babla og babla på Byngja

Dette arrangementet er over!

Eventyr i Parken, Nordhordaland Turlag, Strilabiblioteket og Vestlandet Fylkeskommune inviterer til vandreteateret:

"Askeladden og prinsessa som babla og babla".

Bli med på vandreteater og møt sjølvaste Askeladden som har tenkt seg ut på tur! Prinsessa av Alver bur på eit slott, men er ikkje interessert i kjoler og gull slik som dei andre. Ho er einsam, og mest av alt ønskjer ho seg ein ven som ho kan prate med om korleis verda heng saman. Kvifor er snøen kvit og ikkje grøn? Og kvifor går vi menneske på to bein og ikkje fire slik som hunden? 

No har ho sendt ut eit brev til alle som bur i Alver: “Vil du bli min nye ven?”, spør ho. Men berre dei som verkeleg vil vere venen hennar kan lukkast. På vegen lurer farar og den som ikkje klarer å overbevise prinsessa, kan det gå riktig så gale med. Vil Askeladden klare det, trur du?

Bli med Askeladden på ei vandring til dagsturhytta Sjøbua! Sjølve turen er i underkant av 1 km. Mesteparten av vegen er grusa og dermed lettgått. Dei siste ca 200 meter til hytta er på sti (dvs ikkje tilrettelagt for vogn). 

På vegen vil det spelast ut scener før vi avsluttar ved hytta. Framsyninga varer i ca. 40 minutt og passar for heile familien. Framme ved hytta vert det tid til ein rastepause.

Alt skjer utandørs, så kle deg og dine etter vêret!   

Parkering og oppmøtestad: Ta av frå FV5484 kring 8,5 kilometer nord for Manger eller 1 kilometer sør for Bøvågen og følg skilting mot Byngja. Parker på parkeringsplassen for friluftsområdet, her vil de møte turleiarane.

Deltaking er gratis, men du må melde deg på for å vere med. Det gjer du ved å trykke på den raude knappen til høgre og fullføre registreringa der.

Om smittevern: For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengige av at publikum overheld gjeldande smittevernstiltak. Personar frå same husstand går samla. Vaksne er ansvarlege for å halde sine barn på minst 1 meter avstand frå andre. Er nokon i husstanden sjuk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp. DNT smittevernsinstruks for aktivitet finn du her. Les og generelle vilkår for deltakelse på BHT sine aktiviteter. Våre frivillige turledere er alle kursa i DNT sine retningslinjer for smittevern. Velkommen!

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement ønsker å skape unike kulturopplevingar utandørs for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna. 

Askeladden og prinsessa som babla og babla på Byngja

Eventyr i Parken, Nordhordaland Turlag, Strilabiblioteket og Vestlandet Fylkeskommune inviterer til vandreteateret: "Askeladden og prinsessa som babla og babla". Bli med på vandreteater og møt sjølvaste Askeladden som har tenkt seg ut ...

Kontaktinformasjon:

  • Torunn Haugsvær
  • Tlf. 97064368

Turleder:

  • Sigrid Furnes