Onsdagstur i Nordhordland - Hestefjellet/Vetås 29.9

Fellestur

Dato
29. september kl. 18:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane held fram.

NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte).

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Turskildring: 

Vi går ein runde frå Soltveit (sør) på Radøy.

Turen går opp grusvegen, vidare mot Hestefjellet/Vetåsveten, held fram mot Vetås på stølsvegen nedover til utmarka, så på den gamle bygdevegen attende til Soltveit. 

Kupert terreng.

Litt bløtt enkelte plassar.

 

Turleiar/-ar: Vegard Mogen, 40034348

 

Oppmøtestad: Soltveit, ved krysset mot Fjellsende.

Parkering: Ved oppmøtestad.

 

Varigheit

Ca. 120 min.

 

Gradering av turen

Lett.

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi treng påmelding på desse turane no og 50 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland - Hestefjellet/Vetås 29.9

Onsdagsturane held fram. NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte). Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jan Otto Natland