Onsdagstur i Nordhordland - Alverland/Sundsbø m/middag på Dalheim 6.10.

Fellestur

Dato
6. oktober kl. 18:00 - 20:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Blikjenttur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane held fram.

NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte).

Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips og nye turvener. Vi har turar kvar onsdag kveld klokka 18.00 frå slutten av mars til oktober. Turane går i langsamt til moderat tempo.

Turskildring: 

Vi får ei omvisning i tunet på Alverland på Sundsbø, før vi avsluttar sesongen med raspeballmiddag på ungdomshuset på Konglevoll/Hundvin.

Middag med dessert/kaffi kostar kr 200 per person. Meld dykk på!

 

Turleiar/-ar: Vegard Mogen, 40034348

 

Oppmøtestad: Parkeringa ved BOF Nautevågen. Skilta frå Sundsbøvegen. Vi køyrer færrast mogleg bilar til Alverland.

Parkering: Ved oppmøtestad.

 

 

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål om tempo og vanskegrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

Vi treng påmelding på desse turane no og 50 personar er maks grensa. Vi må overhalda avstand på 1 meter og god handhygiene både under transport og på tur. Turane er gratis. Vi oppmodar likevel til å støtta opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemskap.  

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland Turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

Onsdagstur i Nordhordland - Alverland/Sundsbø m/middag på Dalheim 6.10.

Onsdagsturane held fram. NB! Med påmelding (kan òg gjera det på SMS ved oppmøte). Onsdagsturane held fram i Nordhordland. Saman med inspirerande turleiarar kan du få fine naturoppleveingar i nærområda våre.  I tillegg får du god trim, turtips ...