På fjellstrilen sine gamle stiar til Sætre gard, Eikemosetra, Fjelde gard og Urdalsetra

Fellestur

Dato
15. oktober kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjellkultur, Lindås, Nordhordland
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Av strilane er kanskje fjellstrilen den minst kjende. Søndag 15. oktober inviterar Nordhordland Turlag til tur langs spesielle og vakre natur- og kulturperler i Lindås. Frå Eikemo ved E39 finn me leia til stølar og fjellgardar der mange fjellstrilar har trakka og budd i fleire hundre år. Turen går til Sætre gard, Eikemosetra, over Hemningfjellet (eller Eikemofjellet blant lokale), Fjelde gard, Urdalsetra og ned til Store Urdal. 

Det vert eit høgdepunkt på turen når me kjem til Fjelde gard. Her møter me Vidar Lehmann, Ivar Eidsheim og gjedna ein ekte fjellstril frå lokalmiljøet. Medan me får høyre dei fortelje om Fjelde gard vert noko fjellmat attåt den medbrakte nista di. Ryktene seier det blir ein slant rømmegraut og spekemat for å leggje til rette for stemning av forhistorie og høgtid. På Fjelde gard kan me gå innom hus.

Turen er ein middels krevjande dagstur. Me går i lett kupert terreng, stort sett på god sti i ca. 5 timar. Pausar kjem i tillegg, så du må setje av søndagen. Turen passar for turvante store og vetlevaksne små.

Oppmøtestad på Eikefet v/E39 kl. 10.00. I forkant vil me køyre bilar bort til Store Urdal, der turen sluttar. Turleiarane vil ta kontakt med nokre av deltakarane for å avtale det.

Me må planlegge turen utfrå kor mange som blir med så du må melde deg på her på nettet, sjå den raude knappen til høgre. Påmeldingsfrist er laurdag 7. oktober. 

Turen kostar kr 100 for DNT-medlemar og kr 200 for ikkje-medlemar. Turavgifta må du betale innan påmeldingsfristen 7. oktober 2017, til Nordhordaland Turlag v/kasserar Marte Sleire Hatlevik på konto nr 3632. 07. 07727.

Sjå gjennom bileta under og la deg inspirere til å verte meir kjent i eit av fjellstrilane sine spesielle kultur- og naturlandskap. Velkommen!

 

Vilkår: Se generelle vilkår
Utstyr: Se Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet.
Kart: Kart og annet turutstyr kan kjøpes i turinformasjonen i Marken. Rabattert pris for medlemmer

På fjellstrilen sine gamle stiar til Sætre gard, Eikemosetra, Fjelde gard og Urdalsetra

Av strilane er kanskje fjellstrilen den minst kjende. Søndag 15. oktober inviterar Nordhordland Turlag til tur langs spesielle og vakre natur- og kulturperler i Lindås. Frå Eikemo ved E39 finn ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jane Britt Daae
  • Kjell Ove Thorseth