Stølstur: Vikesetra

Fellestur

Dato
11. mars kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Stølstur, Aktivitet Skitur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

I jubileumsåret 2018 inviterar Nordhordland Turlag deg med til seters. Fleire stølsturar er lagt inn i turprogrammet for å gje deg moglegheit til å verte kjent med ei utvalgt kulturperle i regionen vår. 

Søndag 11. mars 2018 kan du bli med på ein relativt enkelt tur til ei stølsperle i Lindås, velkommen! Nb! Dette er ein skitur! Ta med skifeller!

Oppmøtestad: Vetle Urdal ved E39, ca. 1,5 km nord for Vikanes
Oppmøtetidspunkt: Søndag 11. mars 2018 kl. 10.00
Påmeldingsfrist: Ingen påmelding, berre til å møte opp presis

Skildring av turen:

Frå Vetle-Urdal på fin skogsveg, nord- og vestover til ein kjem til Vikesetra, som tilhøyrer grunneigarar på Vike.

Det vert retur samme vegen og ei samla lengde på 9 km.

Mat/drikke: Niste og drikke, gjerne varm drikke på termos smakar godt.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår Bergen og Hordaland Turlag sine generelle vilkår for å delta på tur.

Pris: kr 0,- for medlemmar, kr 100,- for ikkje-medlemmar (maks kr 200,- pr husstand). Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.  Turavgifta for ikkje-medlemar må betalast til Nordhordland Turlag v/kasserar på konto nr 3632. 07. 07727, og skrive kva tur påmeldingsavgifta gjeld.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. (Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen).

Om DNT sin standard gradering av turar.

Stølstur: Vikesetra

I jubileumsåret 2018 inviterar Nordhordland Turlag deg med til seters. Fleire stølsturar er lagt inn i turprogrammet for å gje deg moglegheit til å verte kjent med ei utvalgt kulturperle ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Svein Rusten