None
Søndag 7. februar 2021 skjer det!
Har du forslag til kven som bør få turlaget sitt heidersteikn BUDEIEDILTEN?Nordhordland Turlag deler ut BUDEIEDILTEN til han eller ho som over tid har vore eldsjel, og har stått på og vore engasjert i og for turlaget. Kom med forslag innan 15. desember 2020 til nordhordland.turlag@dnt.no
Gratulerer til 11 nye turleiarar! Vel gjennomført turleiarkurs i Solund september 2020. Alden og Sognefjordhytta var åstad for turleiing, turplanlegging og orientering. Vi gler oss til å møte dei på tur!
Bildene nedanfor viser 4 av dei flotte turane vi presenterer i vårt nye konsept "Ti på hjul Nordhordland". I perioden 10. september til 12. november kan du nemleg gjennomføre 10 tilrettelagte turar og vere med i trekninga om flotte premiar. Alle turane er tilrettelagte for deg med hjul, anten det er barnevogn eller rullestol.
Sikkerhet er alltid høysete på DNT og Turlaget sine turer. Her får du informasjon om hvordan smittevern skal gjøres på turene våre fremover.
Årsmøtet heidra ein triveleg og nevenyttig lagbyggjar etter mange års innsats: Margrethe Myking
Nytt år og nye turmoglegheiter! Det nye styret er klart!
Nordhordland Turlag har årsmøte onsdag 29. januar 2020 kl. 19.00 på Spjeldnes gard. Velkommen!
Ser du etter ei spesiell gåve som byr på glede og minner ? Kva med å gje ein tur med Nordhordland Turlag? Vi har opna nokre av turperlene for 2020, slik at du kan kjøpe julegåve ved å melde på den du vil glede. Du kan bli med du og!Sende melding til nordhordland.turlag@dnt.no om du treng hjelp til å ordne ...
På haustmøtet 19. november vert nokre av turane i 2020 opna for påmelding.
Nordhordland Turlag har fleire godbitar på turprogrammet no i haust! Bli med på ein fellestur med flott natur og godt selskap!
Fra sesongen 2019 har Turlaget enda en hytte i Kalvedalen. Ny flott hytte med 18 senger ble åpnet 18. mai. Tilsammen 28 senger på hyttene. Flotte stier inn til hyttene fra ulike steder. Se mer på https://ut.no/turforslag/1115093/kalvedalshytta-til-nordkvingo
Like sikkert som våren kjem, startar onsdagsturane i Nordhordland oppatt! Onsdag 27. mars vert tur til Håøytoppen i Meland og Melshovden i Masfjorden. Kl. 18 som vanleg - kvar onsdag. Hjarteleg velkommen til alle!Onsdagsturane ønskjer alle nye spesielt velkommen i 2019, og du treng ikkje vere medlem for å ta nokre prøveturar. Me lovar deg eit kinderegg av flott natur ...
Laurdag morgon 6. oktober 2018 står ein gjeng klare på Einestrand i Masfjorden, klare for fottur til Kalvedalen i Lindås. Ei spennande og innhaldsrik turoppleving er på gang – rett rundt nova i vår eigen fjellheim og bøgard.
Tre gode ting på ein gong: Topptur, turoppleving og kakeparty!Kanskje ein løyen kombinasjon, men sånn kan det bli når Nordhordland Turlag sitt 25 års jubileum skal feirast gjennom turopplevingar i 2018.
Det er alltid triveleg når turfolk kjem i lag. Turleiarkurs er ikkje noko unntak. Gratulerar for vel gjennomført og bestått kurs for ti nye turleiarar!
Søndag 8. april 2018 kan du bli med turlaget og tre ordførarar gjennom dei kommunane som skal bli Alver kommune. Velkommen med på ein spesiell søndagstur i godt selskap og utan kommunegrenser!
I lett snødrev drog me yst til fagre Austrheim! Veldig kjekt vart det!
På Årsmøtet 31. januar i Dampen i Knarvik møtte ca 50 personar. Av desse hadde 45 røysterett i Nordhordland Turlag.Heile referatet og alle dokument finn ein via lenkjene under.
Stor takk til våre sponsorar!!!