Flotte opplevingar i vestre Stølsheimen

Skavlabu turisthytte byr på moro i flotte naturomgjevnader
Skavlabu turisthytte byr på moro i flotte naturomgjevnader Foto: Jane Britt Daae

Etter gjennomført helgetur i vestre Stølsheimen er konklusjonen grei: Dette ga meirsmak!

Vestre Stølsheimen med turisthyttene Skavlabu og Vardadalsbu

Nordhordland Turlag har i 2017 fleire turar til Stølsheimen. Helgeturen 4.-6. august gjekk til turisthyttene Skavlabu og Vardadalsbu (Modalen). Turleiarane Arne og Jane Britt har hatt denne turen tidlegare, og tykkjer det er kjekt å vise fleire dei vakre og ville høgfjella i vestre Stølsheimen.  Ruta for helga  var Svartevatn – Skavlabu- Vardadalsbu – Stordalen. Ein tur på T-merka stiar, normert til krevjande då det er to gode dagsetappar og den eine i mykje kupert terreng.


Ein snedden og sprek gjeng

Deltakarane kom frå Bergen, Meland, Lindås og Masfjorden. Tre hadde ikkje vore på fellestur før, og fire hadde ikkje vore  i Stølsheimen før. Me vil hugse gråe, flotte fjellandskap, koselege hytter, kjekke folk og gode overraskingar på matfatet oppsummerte gruppa. «Dette ga mersmak» sa bergenseren, og som ein av få hanar i gjengen treivst godt blant spreke damer jamfør «Dokkar har fjellets farge på øgene, jenter.» Gjengen fann fort tonen og takten, så det vart riktig triveleg gjennom heile helga.


Her kan du sjå bilete frå turen:

Skrevet av Jane Britt Daae 6. august 2017