"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu..."

Godseigar Rumohr sitt hovedhus i Frønningen
Godseigar Rumohr sitt hovedhus i Frønningen Foto: --- Anne Helen Eidsheim

- der budde det jammen meg ein triveleg kar! Namnet hans var Vilhelm Rumohr, og søndag 13. august tok han imot ca femti deltakarar frå Nordhordland Turlag

Bindeledd for Frønningen er ferja
Bindeledd for Frønningen er ferja Foto: --- Anne Helen Eidsheim

Skal ein  bu i den vakre villaen ved sjøen i Frønningen i Nærøyfjorden,  då må ein tola å vera avhengeig av båt eller ferje for å koma seg "ut i verda"!
Nordhordland Turlag tok turen, og fekk oppleva denne spesielle og flotte staden, søndag 13.aug.
Dagen og turen var nøye planlagt og opplegget var skreddarsydd av dyktige turleiarar, Merete og Rune Brundtland.
Me var om lag femti personar i følgjet. Frå Knarvik i solskinn, til Gudvangen med veteranbuss, deretter "veteranferje" utover Nærøyfjorden til Frønningen.  Her vart me møtt av godseigaren Vilhelm Rumohr, som orienterte om staden. Frå lang tid attende, og fram til i dag. Skogen var hovudnæringa lenge, mange hadde arbeid her, hovudsakleg i skogen og på sagene. I dag var det jakt, og hjorteløyve som var hovednæring på Frønningen. Han fortalde og om far sin, den kjende kunstnaren Knut Rumohr ( 1916- 2002).
Inne i hovedhuset kunne me beundra nokre av Knut Rumohr sine verk. I dei vakre stovene fekk me nyta eit herleg måltid, overraskelsen var stor då "vår eigen" Bjørn Olav Hagesæter og Arild Kleiveland sto for serveringa. 



Bilete av Knut Rumohr, i hovedhuset på Frønningen --- ---
Bilete av Knut Rumohr, i hovedhuset på Frønningen --- --- Foto: Arnhild Hatland
Kvar du kviler auga; - noko vakkert å sjå i Frønningen--   --
Kvar du kviler auga; - noko vakkert å sjå i Frønningen-- -- Foto: Arnhild Hatland
Sognefjorden mot Gudvangen .   .
Sognefjorden mot Gudvangen . . Foto: Arnhild Hatland

Etter god mat og triveleg prat; tid for fottur. Det bar  oppetter den gamle, svingete vegen ca. 2.5km, til det gamle skulehuset. Dette ligg på eit platå 400 m.o.havet. Nokon gjekk heile turen, 1,5 - 2 timar. Andre gjekk ein del av turen, eller vandra nede langs stranda. Her møtte dei på nokre av dei "ca." seks innbyggjarane, to vaksne damer, 86 og 89 år. Men flotte hagar hadde dei, og tur gjekk dei, kvar dag!
Ei sving bortom museet vart det også tid til. Somme var til og med så heldige å få koma inn i det som hadde vore Knut Rumohr sit atelier, der møtte dei også kona hans (89 år), og fekk ein prat med henne.

Opplevingane var mange og flotte. Ein fin dag, vekslande skydekke  og gløtt av sol, men regnet held seg vekke heile tida me var i Frønningen! Etter ein lang og kjekk dag med mykje inntrykk, bar det heimatt til strilalandet.  Så nøgde med at me fekk vera med på nok ein glimrande tur med dyktige turleiarar Merethe og Rune Brundtland!
Mange takk!

Vil du sjå NRK sitt program " Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", frå Frønningen, finn du lenkja HER

På nett kan du og finne mykje om kunstnaren Knut Rumohr, t.d. HER

 Bla gjennom bileta under og sjå glimt frå ein triveleg dag i Frønningen

Skrevet av Anne Helen Eidsheim 20. august 2017