Søndagstur på sørsida av fjorden

Utsikt "heimatt"    ~   oppover frå Klauvaneset
Utsikt "heimatt" ~ oppover frå Klauvaneset Foto: --- Anne Helen Eidsheim

Søndagsturen 1. oktober gjekk "sørom" fjorden.  Kjekk tur  som starta og enda på Klauvaneset. For det meste på  stiar  som var nye for alle deltakarar!

Mot Nordhordland
Mot Nordhordland Foto: --- Anne Helen Eidsheim

Trass i mykje regn både på natta og om morgonen klarte me å avvikla turen på vel fire og ein halv time utan nedbør. Til og med sola viste seg ei lita stund på toppen av Tellevikfjellet.
Parkering og start var på Klauvaneset. Stien tok oss bratt opp til Tellevikfjellet 391 moh.  Her fekk me sett Nordhordland og brua frå ei "ny side". Litt nedatt, for så å gå opp på Nordgardsfjellet, 355 moh. Matpause her.  Med oss på turen hadde me Svein Rusten som har god kunnskap om områda rundt. Spesielt om Salhus og historien der fekk me høyra. Frå tida med fabrikken, med stemmer og demningar oppover på det dei lokale kalla Salhusfjellet. Takk til han, lokal kunnskap hevar turen!
Det bar nedover til den vesle idylliske grenda, Baugtveit, så oppatt for å kryssa stien som går mellom Tellevikfellet og Høgstefjellet. Derifrå ned til Sætregården,  for så å ta stien direkte ned til nordenden av Hordviktunnelen. Fortsatte under vegen her, og attende til bilane.

Fin tur i kjekt følgje. Sju tobeinte og ein firbeint. Og ekstra kjekt at vegvalget var nytt for så mange.

Sjå bileta under!

Anne Helen Eidsheim
   turleiar


Klikk her for å skrive tekst.

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Anne Helen Eidsheim 8. oktober 2017