I fjellstrilen sine fotefar

Turen gjekk via Sætre gard. Her budde det folk til 1960.
Turen gjekk via Sætre gard. Her budde det folk til 1960. Foto: Jane Britt Daae

Kjenner du til stølane og fjellgardane i Lindås? Etter søndagsturen 15. oktober har me sett ein del av fjellstrilens vakre rike.

Av strilane er kanskje fjellstrilen den minst kjende. Søndag 15. oktober inviterte Nordhordland Turlag på tur til natur- og kulturperler i Lindås. Frå Eikemo ved E39 fann me leia til stølar og fjellgardar der mange fjellstrilar har trakka og budd i fleire hundre år. Turen starta opp til Sætre gard, så vidare på den gamle kløvstien til Fjelde gard, Urdalsetra og ned til Store Urdal. 

Det vart eit høgdepunkt på turen då me kom til varm stove på Fjelde gard. Her møtte me Vidar Lehmann, Ivar Eidsheim og fjellbonden Olav Eikemo, 87 år.  Dei fortalde utruleg spennande historiar om Sætre gard, Fjelde gard, setrane og om liv og røre i området. Ivar Eidsheim las også dikt frå bjørnejakta på siste halvdel av 1700-talet. Turfølgjet sette utruleg pris på historieformidlinga! Asle Hindenes tok så ordet for korleis ta vare på naturprakten her, slik at etterkomarane våre kan få oppleve urørte vassdrag. Vidare fortalde Asle at neste års turprogram er under arbeid. Det vert mange høve til å besøkje fleire lokale turperler bl.a. stølsturar i 2018. Det vart varmt i stova på Fjelde gard med 29 besøkjande. Rømmegraut, spekemat, varm drikke med noko søtt attåt gjorde også susen.

Småregn slo følgje på denne søndagsturen, men det fekk lite merksemd av den blide og spreke gjengen. Skikkelege fjellstrilar alle i hop!

Takk for turen! Velkommen att til ny turar med Nordhordland Turlag!




Skrevet av Jane Britt Daae 15. oktober 2017