Endre imponerte med fiskeprat på Haustmøtet

På haustmøte fekk me besøk av Endre Hopland frå Knarvik som er redaktør i Hooked.no , Norges største sportsfiskemedie på nett. Han imponerte med stor kunnskap innen arts- og specimenfiske.

Vel over femti personer hadde møtt fram denne hutrige haustkvelden i Dampen i Knarvik. Endre heldt eit imponerande foredrag, og gav dei framøtte eit godt innblikk i kva det vil seie å drive med arts- og specimenfiske, noko som i klartekst går ut på å fanga så store eksemplar som mogleg av så mange forskjellige fiskeartar som mogleg. Så langt har han fått 90 forskjellige artar på stong i Norge. Dei framøtte fekk høyre og sjå bilder av eit utall av fiskeartar som finns her i Nordhordland, samt råd om korleis ein går fram for å fiska desse med stong. 

Etter foredraget smaka det godt med fiskesuppe og turprat. Styret informerte om styresaker, kommande nærturlederkurs og førstehjelpskurs og oppmoda dei framøtte til å melde seg på.

Neste år fyller Nordhordland Turlag 25 år, og styret kunne opplyse om at turnemnda har satt opp eit spennande jubeleumsturprogram i 2018, dette ser me fram til!

DNT fyller 150 år i 2018 og inviterer deg til TIDENES TURFEST i Oslo Spektrum, 19. januar 2018. Les meir og bestill no! ​​​​​​​