16 nye nærturleiarar!

Nærturleiarar lagar varm kveldsmat!
Nærturleiarar lagar varm kveldsmat! Foto: Jane Britt Daae

Nordhordland Turlag inviterte til nærturleiarkurs tirsdag 14. november 2017. Etter gjennomført kurs er det berre til å gratulere 16 nye nærturleiarar! 

Ut på tur - aldri sur!

Moro er det alltid når turfolk samlast. "Det er kjekt å gå på tur med venner". "Eg likar best å gå utanfor sti". "Her er det laga ny turveg, den vil eg vise til fleire". "Barnas Turlag treng fleire frivillige". "Eg vil bli turleiar". Praten går lett. Det er alltid ein tur å gå. Me startar med å diskutere kva ein god tur er. Stikkorda blir: Trivsel, pause, trening, overkommelege mål, godt førebudd, utsikt, natur, stoppe opp og sjå, venner, gode klede, og hugs ikkje miste nokon på turen! Ja, det er eit mål at minst alle er med heimatt, men me kan godt verte fleire undervegs er ein munter kommentar frå fremste rekkje.

Nærturleiar

Nærturleiarane kan leie turar like i nærleiken av der folk bur eller oppheld seg. Dei er veldig lokalkjende (lommekjende) slik at kart og kompass ikkje trengst for å finne fram. Gjennom heile turen skal dei leie turfølgjet sitt på ein trygg og triveleg måte. Inkludering er viktig, så ta godt imot alle, og spesielt dei nye, seier kursleiar Jane Britt.

Gjennom ein kurskveld på 3,5 timar vert ein kjend med oppgåver og ansvar til ein nærturleiar. Temaene er turplanlegging, risikovurdering, turleiarrolla, utstyr og turklede. Noko teori er det først innandørs, og så vert det både teori og praksis ute. Me må jo ut på tur og øve. "Velkommen til tur, turmålet er Nesvatnet, ein lett tur, følg med, og så er me klare". No skal me prøve ut den gode turen me har planlagd.

Øving  og fyr i ny turløype på Radøy

Kurset held stad i Tingstova på Manger i Radøy. Ein triveleg stad like i nærleiken av ei nesten ferdig turløype. "Det skal bli ei ny Brekkeløype" med plass for mange typar turar og trening. Med hovudlykter og refleksvest tek me både ein og to rundar, og alle får øve på turleiarrolla. Ei utfordring på mange turar er ulikt tempo. Det har me risikovurdert og planlagd tiltak for å klare å handtere. Informasjon, pausar, tips og triks. Teori og praksis må prøvast ut. Etterkvart ser me ei bålpanne med god fyr. Den dreg oss saman for ein varm kveldsmat ute. Tanja har ordna tacolefser, små pizzaer, pitabrød og mykje godt å ha oppå. Som dessert lokkar nederlandske pannekake med syltetøy. Turmat frå heile verda er godsaker de luxe!

Kursbevis for vel gjennomført

Like før kurset rundar av vantar det kursbevis til alle. Gratulerer som ny nærturleiar! Det er mange moglegheiter vidare til nye turar, turopplevingar og kurs. I neste veke held Nordhordland Turlag kurs i førstehjelp. Til våren vert det både DNT-ambassadørkurs og andre turleiarkurs.  Det er plass til mange! Kurset 14. november hadde ein god variasjon av turinteresse frå unge til vaksne frå fire ulike nasjonalitetar. Ein stor takk til Tanja, primus motor for kurset!

Sjå bileter frå kurskvelden:

Skrevet av Jane Britt Daae 14. november 2017