Stølsheimen og linjebyggjing. Kva skjer?

Frå linjearbeid i Stølsheimen ----
Frå linjearbeid i Stølsheimen ---- Foto: BKK Nett

Kva skjer i Stølsheimen no når linjebygginga er i gong?
BKK Nett informerer på årsmøtet til Nordhordland turlag onsdag 31.1.

Innlegg i lokalavisene Strilen og Nordhordland
Skrive av styreleiar i Nordhordland turlag, Øyvor H. Larsen.

Kva skjer i Stølsheimen no når linjebygginga er i gong?
BBK Nett informerer Ankerpå årsmøtet til Nordhordland turlag onsdag 31.1.

Vi vandrar i fjellet av mange grunnar, på tur, til rekreasjon, på jakt med gevær eller på sauesanking, bærplukking, for trim, til fots og på ski – vi vandrar heile året. No ser alle som er i fjellet korleis linjebygginga frå Steinsland i Modalen til Mongstad gjer sine inngrep i naturen.

Kva skjer, korleis vert det vidare?

Veret i haust var regnfullt og skyane hang lavt. Dette seinka arbeidet med å få inn materiell. I midten av november varsla BKK Nett at då snøen kom i høgfjellet, ville dei starta arbeidet i låglandet, i Eikemodalen og på Mongstad. I starten av november  var det størst aktivitet ved Haugsvær og på Steinsland med stor anleggsverksemd, og i Stølsheimen, der mye arbeid allereide då var lagt ned med støyping av fundament for og reising av master. Dei første vart reist i starten av november 2017.

Etter dei vanlege årsmøtesakene, vil folk frå BKK Nett orientere, og syne bilete frå arbeidet. Turlaget håper mange vil komme og la seg informera og så delta i samtalen rundt dette store prosjektet i området vårt.


Øyvor H. Larsen,
styreleiar i Nordhordland turlag

Knarvik 23.1.2017



Skrevet av Anne Helen Eidsheim 24. januar 2018