Frisk tur til barske Gavelen

Blide jenter på varden, Alida og Iselin.
Blide jenter på varden, Alida og Iselin. Foto: Jane Britt Daae

I lett snødrev drog me yst til fagre Austrheim!  Veldig kjekt vart det!

25 små og store, 2 hunder og 1 turleiar møtte opp på parkeringsplassen på Krossøy. Bilturen ut var i  seg sjølv ein fin sightsing der me svinga nedom sjøkanten, mellom holmar og skjer. Kjekt å sjå både nye turdeltakarar og gamle travarar. Mange hadde ikkje vore til Gavelen før. Då passar det med fellestur i regi av Nordhordland Turlag, og ein turleiar som gler seg til å vise ei lokal turperle fram.

Før me tok fatt på Krossøyløypa tok me ein avstikkar både til topps på Krossøy sin toppvarde 34,5 meter over havet, og nedom Gamlehamna med gamle sjøhus og naust. Turleiar Bente Semmingsen Fivelsdal guida med engasjement og mykje informasjon.

I lett terreng med god skilting, noko glatt med nysnø, nærma me oss Gavelen. Sjøen var roleg i dag, men likevel spennande å sjå dønningane slå innover berg og knausar.  Her tok dei fleste seg tid til ein matbit og ein godbit. Dei to søstrene på 3 og 4 år imponerte stort. Med sine små føtter gjekk dei minst dobbelt så langt som alle andre. Vel attende til parkeringsplassen tok dei og turleiaren eit jubelhopp for vel gjennomført tur til Gavelen.

Takk til ein engasjert og inkluderande turleiar! Me gler oss til neste tur!

Sjå bilete frå turen her:

Skrevet av Jane Britt Daae 11. februar 2018