Bli med på tur til Alver kommune!

Søndag 8. april 2018 kan du bli med turlaget og tre ordførarar gjennom dei kommunane som skal bli Alver kommune. Velkommen med på ein spesiell søndagstur i godt selskap og utan kommunegrenser!
Turen kan gjennomførast som ein fellestur med turlaget og turleiarar, eller den kan gjennomførast på eiga hand. Begge deler går fint og kan tilpassast etter kor og kor langt du vil gå.
Det er stas om du vert med på turlaget sin fellestur gjennom tre kommunar som skal bli Alver kommune! Ordførane går i spissen! Ta med vener, famile, naboar, bekjente og så lagar me ein minnerik turdag i vårt flotte kystlandskap!
Om fellesturen med Nordhordland Turlag:
Oppmøte: Parkeringsplass på Flatøy, ved blandeverket søndag 8. april 2018 kl. 09.30. Her vil buss frakte oss til startsstaden - Vetås på Radøy.
Påmelding og pris: Fellesturen vert organisert med turleiarar, og busstransport skal tingast på førehand. Alle som vil gå med turlagets fellestur må derfor melde seg på ved å trykkje her. For skyss, turleiing og organisering kostar fellesturen kr 100,- for vaksne medlemar i DNT, og kr 200,- for ikkje-medlemar. Barn og unge under 18 år har gratis deltaking (men må melde seg på om dei vil ha busskyss). Det er fint om detakarane kan ha med deltakeravgift i kontantar (utan behov for veksling), eller avgifta sendast på Vipps til Nordhordland Turlag på turdagen.
Turløypa gjennom tre kommunar: Starten er på Vetås (Radøy). Derfrå går turen over Fjellsende 68 moh til Alversund, til Tveitavarden 196 moh, ned til Isdal, over Hagelsundbrua og til Håøy, og for dei som ønskjer det til Håøytoppen 171 moh (Flatøy). Turen vil ta 4-5 timar og er gradert som middels krevjande. Ein treng ikkje å vere fjellgeit for å gjennomføre turen, og den passer dei som likar å bruke dagen ute på ein litt lengre søndagstur. Dersom deltakarane ikkje ønskjer å gå via Tveitavarden er det eit heilt greit alternativ å gå langs vegen (fortau og gangvegar). På den måten kan deltakarane gå direkte Hagelsundbrua og til Håøy. Turløypa har altså ulike alternativ slik at turen kan bli som best for alle. Målet er at alle sluttar av på Håøy.
Familiearrangement på Håøy:
På Håøy blir det eit eige arrangement kl. 13-15. Om fellesturen rekk fram i det tidsrommet, så er det bålbanne og servering av varm drikke.
Alle turdeltakarane må ta med rikeleg mat og drikke på turen, og gode sko og varme klede etter årstida. Gode sko vil seie god såle, ankelstøtte og helst tole vatn.
Velkommen til søndagstur gjennom tre kommunar som skal bli Alver kommune!



